To nye arbeidarar har testa positivt i Årdal
(Foto: Arkiv)

KORONAVIRUS

To nye arbeidarar har testa positivt i Årdal

Begge har hatt nærkontakt med smitta som vart registrert førre veke.

Årdal: To arbeidarar som oppheld seg i Årdal har testa positivt for korona. Det skriv ordførar Hilmar Høl i ei pressemelding. 

Dei to er nærkontaktar til personen som testa posititv førre veke. Dei har sete i karantene sidan dei kom til Årdal. 

Førebels under kontroll

Kommuneoverlege Frode Myklebust ser i følgje pressemeldinga ikkje fare for smittespreiing i lokalsamfunnet.

– Situasjonen er førebels under kontroll, opplyser dei i meldinga. 

Porten kjem tilbake med meir. 

Til toppen