TIL MÅLROCK: Odd Nordstoga kjem til Årdal og Målrock i august. Pressefoto.
TIL MÅLROCK: Odd Nordstoga kjem til Årdal og Målrock i august. Pressefoto.

To nye artistar klare for Målrock

Odd Nordstoga og Dunderbeist kjem til Årdal i august. 

To nye innslag til årets Målrock-festival er stadfesta klare, og det er to artistar som syng på norsk som kjem til Årdal i sommar. Dei to er Odd Nordstoga Dunderbeist, som begge har spelt på festivalen før.

Nordstoga, som verkeleg gjorde seg kjend med «Kveldssong for deg og meg» for ti år sidan, var med på den aller første Målrock-festivalen i 2003. 

– Det ryktast, men det er ikkje stadfesta, at Nordstoga er halve grunnen til at festivalen blei heitande Målrock, seier festivalsjef Katrine Clausen Fredheim til Porten.no.

– Målrock på sitt beste

RETURNERER: Dunderbeist spelte på Målrock i 2012 og kjem tilbake i år. Pressefoto.
RETURNERER: Dunderbeist spelte på Målrock i 2012 og kjem tilbake i år. Pressefoto.

Ho er svært nøgd med å ha landa dei to artistane.

– Dei passar glimrande inn hjå oss. Det er to frykteleg gode artistar sjølvsagt. Nordstoga skal jo ut med litt nytt til hausten, så då passar det fint at han kjem hit.

Medan Nordstoga kjem med ny plate til hausten, har Dunderbeist nettopp gjeve ut sitt andre album kalla «Hyklere». Dei hardtslåande hedmarkingane spelte på Målrock for første gong i 2012. 

– Eg har kjent til dei i fleire år, og dei er eit veldig bra band og forferdeleg bra live. Dette er jo Målrock på sitt beste. 

Lovande program

Nordstoga og Dunderbeist er artist nummer sju og åtte i rekka av artistar som kjem til Målrock. Begge to syng også på norsk.

– Me har eit visst ansvar for å halde oss på ein del hovudsakleg norske artistar som syng på norsk. Dette er to artistar som verkeleg er innanfor. Det er ein viss sjarm ved det, seier ho.

Fredheim byrjar å bli veldig nøgd med årets program, men kan fortelja at er meir i vente.

– Det lovar veldig bra dette her. Eg tykkjer me er i ferd med å levera eit veldig sterkt program i år også, nesten betre enn det som var i fjor. No veit eg litt meir enn andre, men totalpakka blir konge.

Til toppen