"BYGD, REIS DEG": To episodar står att av tv-serien, som følger livet i bygda etter katastofebrannen i 2014. Skjermdump: TV2
"BYGD, REIS DEG": To episodar står att av tv-serien, som følger livet i bygda etter katastofebrannen i 2014. Skjermdump: TV2

To nye episodar av tv-serien om Lærdal

To episodar av TV2-serien «Bygd, reis deg» står att på sendeskjema. Truleg kan du benka deg framfor skjermen alt tidleg i august, fortel Kjersti Bergesen i TV2. 

Mange lurar nok på korleis det går med Lærdal, etter tredje episode i «Bygd, reis deg» vart sendt på tv i januar. Ordførar Jan Geir Solheim avslutta då året 2014, med eit håp om eit nytt og katastrofefritt år. 

Katastrofebrannen som råka bygda i januar 2014, er den største i nyare tid.  

Portrett av bygda 

I dei to siste episodane får me følge nokre av familiane i Lærdal heilt til dei har kome seg vel i hus.  ​

VIKTIG Å DOKUMENTERE:       – Om 50 år er det nok fint å kunne sjå tilbake å korleis det egentleg var i Lærdal etter brannen, seier Kari Gjendem Fæstø, produsent for Strix.
VIKTIG Å DOKUMENTERE:       – Om 50 år er det nok fint å kunne sjå tilbake å korleis det egentleg var i Lærdal etter brannen, seier Kari Gjendem Fæstø, produsent for Strix.

Likevel har det vore viktig for produksjonsselskapet Strix å syne at Lærdal er så mykje meir enn berre å vera råka av ein brann. Difor følger ikkje serien berre enkeltmenneske, men er meir eit portrett av heile bygda der også engasjement og initiativ blir løfta fram. 

– Me er glade for at me fekk lov til å følge nokre av familiane til dei kom seg inn i nytt hus. Me har vorte godt mottekne, sjølv om det har vore mykje presse og styr etter brannen. Lærdøler har stilt opp utan betaling og via tid og energi for at me skulle klare å lage denne dokumentaren, seier Kari Gjendem Fæstø, som er produsent for Strix. 

Viktig historie å fortelje

Likevel innrømmar ho at dei møtte spørje fint for så å overtale fleire for å få dei til å stille opp.

– Det har vore ein kamp å få folk til å stille opp framfor kamera?

– Ja, eg trur nok mange vegra seg for eksponeringa. Me har forståing for at familiane me følger har mykje å gjera og tenkje på som ikkje omhandlar oss. Livet skal jo gå vidare. Likevel har me understreka at det er viktig å fortelje historia om bygda og å dokumentere korleis bygda reiser seg. Andre plassar i landet har jo også blitt råka av brann, eg trur også dei vil kjenne seg att i serien. Om 50 år er det nok fint å kunne sjå tilbake på korleis det egentleg var i Lærdal etter brannen. Eg håpar lærdøler ser verdien og synest at serien er fin, seier ho. 

Med skrekkblanda fryd

Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, seier han ser fram til å sjå dei siste episodane med skrekkblanda fryd. Han blir flau når han ser seg sjølv og veit ikkje heilt kva han kan venta seg. Til no har det han trur kjem med på serien, ikkje vore med. 

STOR VERDI: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim seier serien har stor verdi både for Lærdal og Sogn. Arkiv
STOR VERDI: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim seier serien har stor verdi både for Lærdal og Sogn. Arkiv

– Korleis har det vore å ha med seg eit kamerateam i så lang tid? 

– Det har vore heilt merkeleg. Eg la godt merke til kameraet i starten, men så gløymer ein det vekk etter kvart. Eg har jo vorte godt kjend med dei, teamet i Strix har vore med heime på garden, rundt i bygda og til Oslo. Dei har til og med filma at eg legg meg for kvelden på hotellrommet, seier han lurt. 

Kor mange timar med filming som ligg bak eitt minutt med tv har overraska ordføraren. Han vedgår at det til tider har vore slitsamt, men at han ikkje har vorte hefta på noko vis. Solheim har berre godt å seie om alt frå lydmenn til fotografar. 

– Dette er medmenneske som har behandla folk med respekt. Eg har fått stor respekt for jobben dei gjer, seier Solheim. 

– Kva betyr serien for Lærdal?

– Den har ein uvurderleg verdi, både for historia sin del og for Lærdal som merkevare, samstundes som den gjer både Lærdal og Sogn kjent for resten av landet. For meg er det viktig å å fram det gode i lokalsamfunn og korleis me hjelper kvarandre og står saman når ting buttar imot, seier han.

På godt og vondt

Marinnne Aarethun Rode er no i gang med førebuingar til konfirmasjonen til dottera. Festdagen har Strix vald å ta med i dokumentaren om tida etter brannen.

Då familien valde å bygge oppatt hus i Lærdal, hadde dei som mål å vera ferdig med huset til konfirmasjonen. No har ting også kome på plass inne i huset og dei er i gang med å måle utvendig. 

Artikkelen held fram under biletet

LÆRDALBESØK: I desember 2014 var leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre på besøk i Lærdal og helsa mellom anna på Marianne Aarethun Rode som mista huset sitt i brannen. Støre fekk også sjå huset dei var i gang med å bygge. Arkiv
LÆRDALBESØK: I desember 2014 var leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre på besøk i Lærdal og helsa mellom anna på Marianne Aarethun Rode som mista huset sitt i brannen. Støre fekk også sjå huset dei var i gang med å bygge. Arkiv

– Korleis har det vore å vera med i dokumentaren?

– Det har vore krevjande og har teke mykje meir tid enn me visste då me sa ja. Det er hyggelege folk som jobbar i Strix, der det har vore fint å ha Vilde Egge som eit fast haldepunkt. I starten var eg nok meir prega av brannen og media i tillegg var meir som eit hår i suppa, fortel ho.

Rode innrømmer at familien var usikker før dei sa ja til å vera med i dokumentaren. Likevel bestemte dei seg for at det var viktig å stilla opp for bygda. 

– Det er mange som mistar heimane sine. Me valde å stille opp for å gjere bygda vår meir kjent, noko som er positivt for kommunen, seier Rode.

Ho legg likevel ikkje skjul på at det har vore vondt at nokre av innbyggjarane i Lærdal kome med tilbakemeldingar som antyda at familien har fått betaling av produksjonsselskapet for å delta. Det stemmer ikkje, då gratis kino til ungane og blomar til dei vaksne, var all løna familien fekk etter alle timane med opptak. 

Rode angrar ikkje på at dei vart med i dokumentaren, men ho hadde nok ikkje sagt ja om dei hadde spurt ho i dag. 

– Er du spent på kva som dukkar opp på tv?

– Eg har eit veldig avslappa forhold til det. Det blir spennande å sjå kva dei plukkar ut, etter så mange timar med opptak, seier ho. 

Artikkelen held fram under biletet

KRAN: Fotograf Eivind Lie Nitter og regissør Vilde Egge i Strix tok i bruk kran under produksjonen av dokumentaren " Bygd, reis deg". Her er huset til familien Rode undervegs i bygginga. 
KRAN: Fotograf Eivind Lie Nitter og regissør Vilde Egge i Strix tok i bruk kran under produksjonen av dokumentaren " Bygd, reis deg". Her er huset til familien Rode undervegs i bygginga. 

Lett å gløyme kva ei natt kan bety

Etter mange timar med opptak fortel Fæstø om sterke kjensler og at det skal lov å vera i sorg og ha det strevsomt. Likevel tykkjer ho det har vore fint å følge ei hending som har sett så djupe spor i samfunnet.

– Kva har gjort inntrykk på deg gjennom desse månadene med opptak?

– Me har vorte kjent med så mange og kvar familie har gjort sterke inntrykk. For meg personleg har eg verkeleg skjønt kor det er tøft å miste alt. Alle minner. Ein gløymer det kanskje litt, så blir ein påminna på nytt. Sjølv om dei flyttar inn i nytt hus, så er det ikkje heime, eller slik heime var. Ting og minner ein samlar gjennom eit heilt liv, det betyr kanskje meir enn ein først trudde, seier Fæstø.  

Ikkje heilt ferdig med Lærdal

Produksjonselskapet Strix har følgt Lærdal tett sidan februar i fjor. I slutten av mai, pakkar dei no sakene sine. 

Likevel fortel Fæstø at ho kjem nok til å følge med på haustens kommuneval ut av eigen interesse, då ho er spent på korleis det går.

Artikkelen held fram under biletet

FILMAR FRÅ HØGDA: Fotograf Eivind Lie Nitter og regissør Vilde Egge frå produksjonsselskapet Strix.
FILMAR FRÅ HØGDA: Fotograf Eivind Lie Nitter og regissør Vilde Egge frå produksjonsselskapet Strix.

I tillegg planlegg Fæstø og Vilde Egge, klipper og regissør i Strix, å ta ein tur tilbake i sommar. Då skal dei ikkje ha med kamera og berre ha fri. 

– Me har blitt glade i bygda og veit det er store kontrastar mellom vinter og sommar. Plutseleg kjem våren og det yrer av liv, flotte plassar, stader å eta og turistar. Me ser fram til ferie i Lærdal til sommaren, seier Fæstø lurt. 
 

Til toppen