VIK
VIK (Foto: Arkivfoto)

KORONAVIRUS

To nye koronatilfelle i Vik

Ein er nærkontakt med smitta på Blix hotell.

Vik: To personar har testa positivt for korona i Vik onsdag. Det skriv kommunen på sine eigne sider. 

Den eine smitta er nærkontakt til ein smitta på Blix hotell. Den andre personen er busett i Vik, men arbeider utanlands. Personen har ikkje vore i Vik dagane før eller etter utbrotet av symptom.

Kommunen driv med smittesporing, og personen sit i isolasjon.  

Karantene sidan laurdag

Den smitta nærkontakten med den tilsette på Blix hotell har vore i karantene sidan laurdag. 

Kommunen har avslutta smittesporinga. 

Med dette Vik motteke fire positive testar på seks dagar. 

Til toppen