Nye Sogndal: Varaordførar Frode Bøthun i Balestrand er valt til toppkandidat av nominasjonsnemnda i nye Sogndal Krf, medan varaordførar Trude Risnes i Leikanger vert toppkandidaten til Venstre.
Frå før er tre kandidatar frå to andre parti klare:
- Størst kamp er det i Arbeidarpartiet, der nominasjonsnemnda sin knappe favoritt, Jon Håkon Odd frå Leikanger, får konkurranse frå Kjetil Kvåle frå Sogndal.
- Arnstein Menes frå Balestrand vert fyrstekandidaten til Sp.
Statusen til dei andre partia er litt ymse:
Tre parti i ventemodus
Frp har sagt at dei ikkje satsar på ein enkelt toppkandidat, men at det er viktigare for dei å løfta fram kandidatar frå heile den nye kommunen. Per i dag har dei berre sogndøler på lista, men kven det er er ikkje offentleg enno.
Nominasjonsemnda i Høgre er heller ikkje ferdig med sitt arbeide.
SV har ikkje valt toppkandidat enno, men alle toppane i dei tre kommunane er aktuelle. Mellom anna seier Vibeke Johnsen i Sogndal at ho tek gjenvalg og er villig til å stå høgt på lista.
– Gjer me eit godt val, slik me håper, så er me interesserte i makt og innflyting. Men me jaktar ikkje posisjonar for posisjonar sin skuld, seier Johnsen.
– Har lang erfaring
Når det gjeld Kristeleg Folkeparti, så har dei nominasjonsmøte måndag 22. oktober i fylkeshuset på Leikanger.
Toppkandidaten til nominasjonsnemnda, Frode Bøthun, er i dag varaordførar i Balestrand, men kjem opphavleg frå Kaupanger.
– Han har lang erfaring frå lokalpolitikken, og er godt kjend i heile den nye kommunen, seier Frode Kleppe Holgersen, leiaren i fellesnemnda for nye Sogndal KrF, i ei pressemelding.
På plassen under finn me Margrete Haug, som har lang erfaring frå politikken i Sogndal. Jostein Flatland, leiar i Sogndal bondelag, er på plassen under ho att.
Dette er ordførarkandidatane
Varaordførar i Leikanger, Trude Risnes (V), er glad for tilliten ho har fått av nominasjonsnemnda i partiet.
Som fleire av dei andre mindre partia vil Venstre måtta jobba godt for å sørga for god representasjon frå heile kommunen. For deira del er det i Balestrand dei har færrast kandidatar å velja i.
– Me har lokallag i alle tre kommunane, men der strevde dei litt med å få lista på plass sist kommuneval. Når me no skal setta saman eit felles lag, så er me obs på at det er noko me verkeleg må jobba med, seier Risnes.