Gulen: To nye personar er stadfesta smitta av korona, skriv kommunen på si heimeside. Desse personane er i relasjon med tidlegare smitta. Dei smitta er knytt til Dalsøyra skulekrets.
Kommunen jobbar med smittesporing og vil kontakte alle nærkontaktar, som så skal vere i karantene i ti dagar. Nærkontaktar i dette tilfellet er vurdert til å vere 1..-4. trinn og fem lærarar.
Dalsøyra skule innfører heimeskule for 1.-10. trinn til og med 02.10.2020, på grunn av smitte på skulen. Det er ingen smitta i barnehagen, så etter råd frå FHI, vil barnehagen halde fram som normalt.
Legekontoret har god testkapasitet, og kommunen oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom, om å ta kontakt