POSITIVT: Inger Lill Lanes, regionlensmann i Sogn, tykkjer det er veldig positivt at Sogndal får to nye politistillingar.
POSITIVT: Inger Lill Lanes, regionlensmann i Sogn, tykkjer det er veldig positivt at Sogndal får to nye politistillingar. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

To nye politistillingar til Sogndal, regionlensmann: – Vil styrka beredskapen

Fjaler, Vågsøy og Sogndal får frå nyttar til saman fire nye politistillingar.

Sogndal: Onsdag vart det kjent at Sogndal lensmannskontor skal få to nye 100 prosent politistillingar frå nyttår av, noko regionlensmann Inger Lill Lanes tykkjer er særs positivt. 

Ifølgje Lanes har turnusoppsettet slik det er no, sprengt kapasitet grunna arbeidstidsbestemmelsane dei tilsette er underlagt. 

–Dette er veldig positivt for lensmannskontoret i Sogndal. Me har ganske stor trøkk på turnusordninga vår i Sogndal, der me per dags dato har for få tjenestemenn, som utgjer ein utfordrande bemanningssituasjon, seier ho. 

Vil styrka beredskap og etterforsking

Midlane til dei fire nye stillingane vart løyva i budsjettet for 2018, og vart bestemt av Arne Johannesen, leiar for politiet i Sogn og Fjordane saman med tillitsvalde og leiargruppa. 

Regionlensmannen legg vekt på at Sogndal har forsvarleg beredskap slik det er no, men at to nye stillingar vil vera til stor hjelp. 

Ho seier at dei to stillingane vil styrka arbeidskrafta innan vakt og beredskap og etterforsking: 

– Me treng først og fremst fleire tilsette som går inn på vakt og beredskap og etterforsking. 

Enkelt å rekruttera

Lanes og politiet jobbar no med å planlegga tilsettingsprosessen for dei to nye tjenestemennene. Etter planen skal dei starta frå 01.01.2019. 

Rekrutteringsprosessen trur ho vil bli enkel, sjølv om han kan ta litt tid. 

– Det er eit overskot av nyutdanna politi som ikkje har jobb endå over heile rekka. 

Ho fortel at dei fire stillingane vil bli utlyst samla innanfor geografisk driftsenheita Sogn og Fjordane som består av Nordfjord, Sogn og Sunnfjord.

Til toppen