KORONAVIRUS: Det er registrert to nye tilfeller av koronavirus i Sogndal.
KORONAVIRUS: Det er registrert to nye tilfeller av koronavirus i Sogndal. (Foto: Samuel Eide / Arkiv)

KORONAVIRUS

To nye smitta av korona

Det blir utført smittesporing.

Sogndal: Laurdag informerer kommunen at det er registrert to nye smittetilfeller i Sogndal. Den eine testa positivt etter reise i utlandet, medan den andre er nærkontakt til ein kjent smitta som har testa positivt.

Dei smitta er isolerte og nærkontaktar er sett i karantene.

Totalt har fire personar testa positivt i Sogndal siste veka.

Til toppen