STENGT: Vadheim oppvekstsenter vert stengt frå og med torsdag og til ny beskjed kjem.
STENGT: Vadheim oppvekstsenter vert stengt frå og med torsdag og til ny beskjed kjem. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

KORONAVIRUS

To nye smittetilfelle – stengjer oppvekstsenter

To av sju nærkontaktar av personen som vart stadfesta smitta tysdag har fått påvist koronaviruset.

Høyanger: Tysdag kveld fekk Høyanger kommune beskjed om at ein person har testa positivt på koronaviruset. Onsdag kveld hadde også to av nærkontaktane testa positivt. 

Til saman var sju nærkontaktar testa onsdag. 

Kommunen skriv på heimesida at alle dei tre smitta er i same husstand og er sett i isolasjon. Det er sett i gang smittesporing.

I samband med smitten stengjer kommunen Vadheim oppvekstsenter frå og med torsdag til det kjem ny beskjed.

Les òg: Onsdag kveld får Høyanger svar på koronatestane: – Me har kontroll, men det kan fort endre seg 

Til toppen