NPK: Det eine tilfellet er ein villrein i Nordfjella. Det andre er ei elgku frå Lierne i Nord-Trøndelag, heiter det i ei pressemelding frå Mattilsynet.
Til saman er det bekrefta skrantesjuke hjå sju villrein i Nordfjella. Fire i år og tre i fjor. I 2016 blei det òg funne to tilfelle av skrantesjuke på elg i Selbu i Sør-Trøndelag. Tilfellet i Lierne er det tredje tilfellet av skrantesjuke på elg.
Funnet av skrantesjuke på denne elgen gjer at Mattilsynet, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Norsk institutt for naturforsking (NINA) no vurderer korleis dei kan auke innsamlinga av prøvar av viltlevande hjortedyr frå området ytterlegare. I tillegg til testing av ville hjortedyr blir det tatt prøver av oppdrettshjort og all tamrein over 1 år som skal sendast til slakt.
– Vi ber jegerar og andre som ser hjortedyr som viser teikn til sjukdom om å varsle Mattilsynet. Dyr som er smitta av skrantesjuke kan vere magre og dei kan vere mindre sky for menneske enn vanleg, seier Karen Johanne Baalsrud, direktør for planter og dyr i Mattilsynet i ei pressemelding.