To personar frakta til sjukehus etter å ha køyrt av vegen
(Foto: Illustrasjon)

To personar frakta til sjukehus etter å ha køyrt av vegen

Ein einsleg bil med to personar havna utanfor vegen i Lærdal.

Lærdal: Politiet i Sogn og Fjordane melder om eit trafikkuhell på riksveg 52 i Lærdal.

Ifølgje politiet har ein bil med to personar havna utanfor vegen ved Galdestølen på strekninga mellom Breistøl og Borlaug.

Naudetatane rykte ut til hendinga, og like før 17.30 melder politiet at to personar er frakta til Lærdal sjukehus med lettare skadar.

Har du bilete eller informasjon? Tips oss på 480 13 131 eller tips@porten.no.

Til toppen