Øvre Årdal: To personar som har vore på tur i nærleiken av Fardalen, har gått seg vill, melder politiet. Dei er ikkje skadde.
HRS har send redningshelikopter frå Florø for å hente personane. Politiet koordinerer redningsaksjonen.
– Helikopteret er framme. Det ser ut til å gå veldig greit, og dei er i fin form. No blir dei nok sett ned der dei har bilen sin parkert, seier Per Algrøy ved Vest politidistrikt.
Porten.no kjem tilbake med meir.