SMITTEVERNLEGE: Bjarte Hove er smittevernlege i Årdal.
SMITTEVERNLEGE: Bjarte Hove er smittevernlege i Årdal. (Foto: Arkiv)

KORONAVIRUS

Èin person har fått påvist engelsk mutasjon i Årdal. Truleg to tilfelle 

Kommunen opplyser om at det ikkje er fare for spreiing til resten av årdalssamfunnet.

Torsdag kveld varsla Årdal kommune om at ein person som har testa positivt for koronaviruset etter reise til utlandet, har fått påvist den engelske mutasjonen.

Personen har vore i karantene og isolasjon etter heimkomst.

Eit familiemedlem er òg smitta. Denne personen har òg vore i karantene og isolasjon heile perioden.

Det er ingen ny smitte eller andre personar i karantene knytt til dette tilfellet.

– Det er ingen fare for spreiing til restan av samfunnet, opplyser Årdal kommune.

Til toppen