REDNINGSAKSJON: To personar har gått seg faste i fjellet i Aurland. Helikopter er på plass for å berga dei.
REDNINGSAKSJON: To personar har gått seg faste i fjellet i Aurland. Helikopter er på plass for å berga dei. (Foto: Porten.no-tipsar)

To norske turgåarar i 20-åra trengde helikopterhjelp for å ta seg ned frå fjellet

Redningsaksjon enda godt i Aurland.

Aurland: I 17-tida i kveld vart det sett i gang ein redningsaksjon etter melding om at to personer har gått seg faste i fjellet i Undredal i Aurland. 

GJEKK SEG FAST: To personar treng hjelp for å ta seg ned frå fjellet i Undredal i Aurland. Foto: Skjermdump/Google Maps

Eit helikopter frå Hovudredningssentralen i Florø vart sendt for å hjelpa dei to ned. I 18-tida kom meldinga om at aksjonen hadde vore vellukka.

– Det gjekk veldig fint. Dei to som stod fast vart frakta ut utan skader, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved operasjonssentralen til politiet i Bergen.

Dei to turgåarane var norske, ein mann og ei kvinne, begge i 20-åra.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen