TRAFIKKULYKKE: To personar var involvert i ei trafikkulykke ved Kvamsviki søndag ettermiddag. Foto: Google Maps.
TRAFIKKULYKKE: To personar var involvert i ei trafikkulykke ved Kvamsviki søndag ettermiddag. Foto: Google Maps.

To personar involvert i trafikkulykke

Ein person er skadd etter ei trafikkulykke i Kvamsviki i Sogndal.

Sogndal: Naudetatane rykte søndag ut til ei trafikkulykke på fylkesveg 55 ved Kvamsviki i Sogndal. Politiet i Sogn og Fjordane melde om ulykka klokka 16.45. 

Ein bil med to personar var involvert i ulykka. 

– Føraren er tatt med av ambulanse, medan passasjeren med ryggskade er frakta vidare med luftambulanse, melder politiet.

Vegen var stengt ein kort periode, før brannvesenet dreiv manuell dirigering medan politiet undersøkte ulykkestaden. 

Rundt klokka 18.00 vart vegen opna for fri ferdsle og politiet var ferdig med undersøkingane.

– Ut i frå observasjonar og åstadundersøking kan det sjå ut som at føraren har vore uoppmerksom då ulykka skjedde, skriv politiet. 

Til toppen