Illustrasjon
Illustrasjon (Foto: Illustrasjonsbilete)

Åtvarar mot glatte vegar: To kom uskadde frå trafikkulukke i Sogndal

Ein bil var involvert, ingen personar vart skada. Ulukka skjedde seks kilometer frå sentrum.

Sogndal: Politiet melde om ulukka klokka 18.13 i kveld. Ho hadde skjedd på riksveg 5 rundt seks kilometer frå Sogndal sentrum i retning Sogndalsdalen, omtrent seks hundre meter nord for Tyldabrui.

Klokka 18.28 melde politiet at naudetatane var komne på staden. Det var to personar i bilen. Dei verka oppegåande og framstod som uskadde.

Vegtrafikksentralen melder at vegen er delvis stengt etter ulukka.

Like etter gjekk dei ut med ei åtvaring til bilistar i Hordaland og Sogn og Fjordane. 

– Det frys på mange stader og det er fare for glatte vegar. Me rår trafikantene om å ta det med ro og avpassa farten til forholda på vegen. Entreprenørane er ute og strør, skriv dei i ei twittermelding.

Til toppen