ULYKKE: To bilar har kollidert etter at den eine køyrte på den andre bakfrå. Foto: Mapbox.
ULYKKE: To bilar har kollidert etter at den eine køyrte på den andre bakfrå. Foto: Mapbox.

To personar sendt til lege etter ulykke

Bilulykke på riksveg 5 på Kaupanger. 

Kaupanger: To personar er sendt til legevakt etter at ein bil køyrte på ein annan bakfrå på riksveg på Kaupanger. 

Det melder politiet i Sogn og Fjordane litt før 14.00 torsdag. Dei to personane er sendt til legen for kontroll. 

Bilbergar er no på veg til staden.

Har du tips i saka? Ring eller send SMS på 480 13 131 eller send e-post til tips@porten.no.

Til toppen