FEKK FINANSIERING: Rajendra Akerkar, Merete Lunde og Otto Andersen i Vestlandsforsking er glad for at to nye prosjekt har fått finansiering.
FEKK FINANSIERING: Rajendra Akerkar, Merete Lunde og Otto Andersen i Vestlandsforsking er glad for at to nye prosjekt har fått finansiering. (Bilde: Vestlandsforsking)

To prosjekt frå Vestlandsforsking vann kampen om pengane og fekk støtte: – Ei fjør i hatten for oss

Dei to nye forskingsprosjekta startar opp i haust og skal gå i tre år framover.

Sogndal: Vestlandsforsking har fått 5 millionar kroner frå verdas største forskingsprogram Horisont 2020. Det fortel dei i ei pressemelding.

Det eine forskingsprosjektet omhandlar Big Data i transportsektoren, og det andre er innan bioøkonomi.

– Innan begge områda står me overfor store samfunnsutfordringar med behov for ny kunnskap for både å utnytte moglegheitene og samstundes ha ei berekraftig utvikling, seier direktør i Vestlandsforsking Merete Lunde, som meiner det er ei fjør i hatten for Vestlandsforsking å få delta på den internasjonale forskingsarenaen.

Har investert om lag 5 millionar

Big Data-prosjektet konkurrerte med 18 andre internasjonale prosjekt og var eitt av berre to prosjekt som fekk finansiering. 

– Det er krevjande å skrive slike prosjektsøknader. Nålauget er trongt, og det er berre dei beste prosjekta som når opp i konkurransen om finansiering. Ein må kunne gjere godt greie for kva positive effektar prosjektet vil ha for samfunnet, som gjer at ekspertpanelet i EU meiner det er verdt å investere i prosjektet, seier Lunde.

– No har dei investert om lag 5 millionar kroner i forskingsarbeid ved instituttet i Sogn og Fjordane, og det er me glade for, seier Lunde.

Kan koma lokale verksemder til gode

Big Data handlar enkelt sagt om datasett som er for store, for raskt veksande og for ueinsarta til å passe inn i strukturane til dagens databasearkitektur. Det andre prosjektet innan bioøkonomi dreier seg om å byggja eit nettverk for auka bruk av avfall som materialressurs.

Finanseringa gjer det mogleg for Vestlandsforsking å rekruttera ein ny forskar på området Big Data og transport. Lunde ber no interesserte sende ein CV.

– Eg er glad for moglegheita til å bygge ytterlegare forskingskapasitet her heime, og det kan komme lokale og regionale verksemder til nytte, avsluttar ho.

 

Til toppen