ULYKKE: To personar vart sende til Lærdal sjukehus for sjekk etter ei trafikkulykke på Filefjell fredag.
ULYKKE: To personar vart sende til Lærdal sjukehus for sjekk etter ei trafikkulykke på Filefjell fredag.

To sendt til sjukehus etter ulykke – svært glatt

Snøvêret skapar vanskelege forhold på vegane.

Filefjell: Trafikkulykka skjedde om lag tre kilometer frå Maristova. To bilar var involvert, skriv politiet fredag ettermiddag.

Ifølgje meldar av ulykke var det ingen personskade, men to personar blei likevel sende til Lærdal sjukehus for sjekk. 

Både ambulanse og brannmannskap var på staden ilag med politiet, og det blir meldt om svært dårlege køyreforhold.

Fredag ettermiddag starta snøen å lave ned for alvor over Indre Sogn, noko som har gitt vanskelege køyreforhold.

– Køyr etter forholda, hald avstand til bilen framfor, er meldinga frå politiet.

Til toppen