SLAGSMÅL: Politiet måtte ordna opp i to slagsmål i Sogndal natt til søndag.
SLAGSMÅL: Politiet måtte ordna opp i to slagsmål i Sogndal natt til søndag. (Foto: arkiv)

To slagsmål i natt

Amper stemning i Sogndal.

Sogndal: Politiet twitrar at ein mann i slutten av 20-åra litt over klokka 0230 natt til søndag vart slegen til på bussen mellom Sogndal og Leikanger. Mannen måtte også til legevakt etter hendinga.

Det var det andre slagsmålet for kvelden, for litt over klokka eitt på natta barka to menn i hop i Sogndal sentrum - ein på 25 og ein på 30 år. Politiet skriv på Twitter at hendingsforløpet er uklart og at den eine mannen vart bortvis frå sentrum.

Til toppen