Sogndal: – Desse to personane har begge vorte smitta i Austerrike. Dei har ikkje vore i same reisefølgje, og er smitta uavhengig av kvarandre, seier Husabø til Sogn Avis.
Kommunelegen fortel til Porten.no at dei to personane bur i tettstaden Sogndal og at begge vart smitta i utlandet. Det er snakk om vaksne personar.
– Er det mange som har levert inn prøvar til analyse?
– Det er ikkje mange, men me ventar svar på nokre, seier Husabø.
Han kan fortelje at dei tilsette ved legekontoret, for å unngå smitte inne på bygget, har henta prøvar frå folk utanfor bygget. Blant anna i frå folk som sit i bilen sin utanfor legekontoret.