LOKAL DUO: Keeper Linn-Mari Nilsen (17) er kaupangerspelar, medan Marte Bjelde Hjelmhaug gjekk frå dei grøne til Sandviken i sommar. No spelar dei saman på J19-landslaget. Foto: privat.
LOKAL DUO: Keeper Linn-Mari Nilsen (17) er kaupangerspelar, medan Marte Bjelde Hjelmhaug gjekk frå dei grøne til Sandviken i sommar. No spelar dei saman på J19-landslaget. Foto: privat.

To sognajenter på årets første landslagssamling

Marte Bjelde Hjelmhaug (17) og Linn-Mari Nilsen (17) var med då J19-landslaget fekk bryne seg mot England over to kampar.

Sogndal: J19-landslaget tapte 0-2 mot England torsdag ettermiddag, men vann den påfølgande kampen i helga 2-1. 

– Det er tøff motstand, men skal vi klare å slå god motstand i EM-kvaliken, så må vi teste oss mot god motstand no òg, seier Linn-Mari Nilsen, som er keeper for Kaupanger, men opphavleg frå Gaular.

Les også: I helga debuterte ho i Toppserien, no ventar EM-kvalik

Nilsen stod første omgang utan baklengs i laurdagens siger, medan tidlegare klubbveninne Marte Bjelde Hjelmhaug måtte ut med skade femti minutt ut i den første kampen.

– Det var berre ei stempling og ein slagskade, så det går fint, opplyser Nilsen.

Dei to kjenner kvarandre godt frå før og er romkameratar på landslaget. No venter ei ny samling på La Manga i mars, før EM-kvaliken tek til i april med motstandarar som Italia, Serbia og Sverige.

Nilsen er ei av fire keeperar som kjempar om ein plass i troppen.

– Eg blir sjølvsagt veldig skuffa om eg ikkje greier det, men det er opp til meg. Viss eg jobbar eg godt og gjer det eg skal i oppkøyringa, så skal eg ha gode sjansar til å bli tatt ut, seier Nilsen.

Til toppen