UTTEKEN: Sivert Mannsverk er teken ut på G15-landslaget til Statoils Talentleir. Arkivfoto
UTTEKEN: Sivert Mannsverk er teken ut på G15-landslaget til Statoils Talentleir. Arkivfoto

To sogndalspelarar på kvart sitt landslag

Sivert Mannsverk er teken ut på G15-landslaget og Eivind Helgesen på G16-skuggelandslaget

Sogndal: Statoil Talentleir i Porsgrunn blir arrangert frå 26. til 30. juni. No er troppane klare.  I tillegg til to landslagstroppar er det teke ut eit skuggelandslag og kvar sin tropp for spelarar fødde første og andre halvår. 

På lista fotball.no har publisert finn me årdølen Sivert Mannsverk på G15-landslaget og Eivind Helgesen på G16-skuggelandslaget. Begge er sogndalspelarar og har spelt både på andrelaget og G19-laget; i tillegg har dei så vidt fått prøva seg på a-laget.

Fagansvarleg for landslagsskulen, Håkon Grøttland, har følgjande velkomstord til spelarane: 

- Gratulerer med uttak til Statoil Talentleir! Nettopp du er teken ut til samlinga fordi du blir sett på som eit av Noregs største talent i Noregs største idrett. Me har tru på at du har eigenskapar som norsk fotball kan ha mykje glede av i åra som kjem! 

Til toppen