EM-KLAR: Elise Thorsnes er saman med Stine Pettersen Reinås klar for sommarens EM-sluttspel i Nederland. Foto: Getty Images.
EM-KLAR: Elise Thorsnes er saman med Stine Pettersen Reinås klar for sommarens EM-sluttspel i Nederland. Foto: Getty Images.

To sogningar er med i EM-troppen som skal til Nederland

Elise Thorsnes frå Leikanger og Stine Pettersen Reinås frå Sogndal er begge ein del av landslagstroppen som skal til Nederland i sommar.

Sogndal: Onsdag vart troppen på 23 kvinner presentert av landslagstrenar Martin Sjögren. Her har funne plass til to sogningar.

– Troppen er ganske lik som me har tatt ut tidlegare. Me har fått ein kontinuitet og jobba saman med dei same spelarane i eit halvt år. Det skal bli veldig spennande å sjå dei i Nederland, seier Sjögren til fotball.no.

Thorsnes har heile 104 landskampar for Noreg og har scora 16 mål. Pettersen Reinås, som til dagleg spelar i Stabæk, har fem kampar med flagget på brystet. På desse fem har ho scora eitt mål.

Opningskampen i Nederland er mot vertsnasjonen 16. juli. Dei andre laga i Noregs gruppe er Danmark og Belgia.

– Me har snakka lite om resultatmål, men har hatt veldig mykje fokus på prestasjon. Preseterer me bra, så har me iallfall moglegheit til å gå eit godt resultat, avsluttar landslagssjefen.

Til toppen