REISER HEIM: Etter suksess i USA, vender Vårin Ness heim at til Sogn for å hjelpa Kaupanger i returen til 1. divisjon.
REISER HEIM: Etter suksess i USA, vender Vårin Ness heim at til Sogn for å hjelpa Kaupanger i returen til 1. divisjon. (Bilde: Privat)

To spanande nysigneringar for Kaupanger

Til våren skal Kaupanger ta fatt på fyrstedivisjonsspel og møta lag frå heile landet. No har dei fått to spanande forsterkingar, ein sogning og ein sunnfjording.

Kaupanger IL kunngjorde med glede i dag, sundag, at dei har tileigna seg to nye spelarar for 2018-sesongen.

Det er snakk om nykomaren Anna Sandvik Gloppen (17) frå Førde og Vårin Ness (23) som vender heim att etter å ha gått nokre år på fotballakademi både i Tennessee og i Florida.
Ness spela likevel nokre kampar for Kaupanger denne vårsesongen, då ho var på besøk i heimbygda Sogndal.

Ness har spela på Kaupanger også tidlegare og i 2012 scora ho det avgjerande målet i ein 2-1-siger sist i sesongen, som sikra opprykket til fyrste divisjon. Også dette året har Kaupanger-jentene sikra seg opprykk frå andre- til fyrstedivisjon.

I tillegg til dei to nykomarane Ness og Gloppen, har klubben òg gleda av å melda at Henriette Jagedal kjem til å vera med att for fullt i sesongen som kjem.

– Etter ein liten pause i haust, grunna mellom anna jobbpendling, har sunnfjordjenta bestemt seg for å satsa for fullt att i grønadrakti, skriv klubben i den same kunngjeringa. 

Anna Sandvik Gloppen har vore fast midtstoppar for Førde 

Trass i ung alder, har Gloppen alt fartstid som fast midtstoppar for Førde i 2. divisjon, same divisjonsnivå som også Kaupanger tilhøyrde denne sesongen. 

Kaupanger IL kan melda at sunnfjordjenta har kampar for NFF Sogn og Fjordane sine kretslag og at ho har vore på landsdelssamling i regi av NFF.

– I Anna får Kaupanger eit flott midtstoppartalent og ho vert eit fint tilskot til den allereie svært talentfulle troppen. Velkomen, Anna!, skriv klubben på fjesboksida si. 

Om Vårin Ness skriv klubben at ho kjem til å vera verdfull for spelargruppa både på og utanfor bana, i og med at ho trass ung alder alt har vorte so røynd.

Til toppen