PÅ DET JAMNE: Talet studentar som ønskjer seg til Sogndal er omtrent det same som i fjor.
PÅ DET JAMNE: Talet studentar som ønskjer seg til Sogndal er omtrent det same som i fjor. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Søkartala til Høgskulen: To studiestadar har blitt meir populære, to sakkar etter

Sjekk kven av dei fem ulike studiestadane til Høgskulen på Vestlandet som er mest populære blant søkarane.

Sogndal: Det er stor forskjell på kor gode søkartala er til dei ulike campusane, melder Høgskulen på Vestlandet i ei pressemelding. I Bergen veks søkartala langt meir enn snittet i landet, Førde har òg ein god vekst, medan i Sogndal er tala på nivå med fjoråret. På Stord og i Haugesund går talet søkarar ned.

Høgskulen sjølv meiner tala samla viser at dei hevdar seg bra nasjonalt i konkurransen om søkjarane.

– Me har fleire søkjarar enn i fjor, og har om lag ein like stor andel av den totale mengden søkjarar til høgare utdanning, seier prorektor Bjørg Kristin Selvik, i pressemeldinga.

Ho minner om at Høgskulen på Vestlandet berre er eitt går gamal.

– Me har framleis eit stykke å gå før me er eit like kjent namn for søkjarane som dei gamle høgskulane på Vestlandet. Dette vil endra seg, seier ho.

I Sogndal er tala altså på det jamne, så vidt litt fleire søkarar ønskte seg til saftbygda enn i fjor. Barnevernsstudiet er blant dei aller mest populære studia til Høgskulen på Vestlandet. Fleire enn i fjor har barnehagelærar- og grunnskulelærarstudia som førsteval. Historiestudia opplever òg eit oppsving.

– Når det gjeld kva fag som veks og dalar i popularitet, er det dei nasjonale trendane som påvirkar søkjartala også på HVL. Helse- og sosialfaga blir stadig meir populære, og utdanningane til barnehagelærar og grunnskulelærar har jamnt over gode søkjartal, seier prorektoren.

Til toppen