Aurland: Hastigheita skal ha vore låg, men det er materielle skadar på togene, opplyser politiet.
Klokka 15:06 melder politiet at dei og ambulanse er framme på staden. To personar vert tilsett av helsepersonell, men dei skal ikkje ha alvorlege skadar, heiter det.
Det skal vera omlag 800 passasjerar totalt på dei to toga, og dei skal vera uskadde.
Berekvam stasjon er drifta av Bane Nor. Frå stasjonen kan ein ta tog til Myrdal, Oslo S og Bergen.
Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.