VELFORTENT HEIDER: Marita Ylvisåker Aaberg og Emil Hillestad vart gjort ekstra stas på då Årdalstangen idrettslag hadde årsmøte denne veka.
VELFORTENT HEIDER: Marita Ylvisåker Aaberg og Emil Hillestad vart gjort ekstra stas på då Årdalstangen idrettslag hadde årsmøte denne veka. (Foto: ÅTIL)

To unge medlemmar vart heidra av idrettslaget

Emil Hillestad og Marita Ylvisåker Aaberg fekk velfortent ros for innsatsen i idrettsåret 2017.

Årdal: Siste post på årsmøtet til Årdalstangen idrettslag i år var utdeling av prisar. I år var det to unge og aktive medlemmar det vart gjort stas på.

Ifølgje heimesida til idrettslaget, fekk Emil Hillestad prisen fordi han alltid stiller opp når dei treng hjelp. Han dømmer både handball og fotball, er trenar for barneidretten og riggar hallen når det skal arrangerast minihandballturneringar.

I tillegg spelar han på herrelaget til ÅTIL/Jotun og er representanten til idrettslaget i Årdal Ungdomsråd.

Marita Ylvisåker Aaberg fekk prisen for sterke sportslege prestasjonar i 2017. Førre vår vart ho teken ut til Regional talentsamling på Sotra Arena. Det førte til uttak til Sentral talentsamling i Skien i august, som ein av åtte jenter frå Region Vest.

Ho kvalifiserte seg òg for RUM-samlingar, eit spissa opplegg for dei beste handballspelarane i fylket. Til slutt vart ho teken ut til Region Vest sin tropp i Bylagsturneringa.

Til toppen