STOR ELV: Storelvi i Fjærland viste krefter laurdag. Fleire andre elver i Indre Sogn har òg vakse kraftig siste døgeret.

Storelvi i Fjærland passerte tiårsflaumen – sjå video

Både NVE og Statkraft følgjer situasjonen i Sogn nøye. Fleire kraftverk må tappa magasina for å halda vatnet i sjakk.

Indre Sogn: Flaumfaren i Indre Sogn er laurdag på oransje nivå. Vassdrag som får smeltevatn frå bre og snø på høgfjellet er spesielt utsette. 

Det er venta mykje regn laurdag og søndag, men akkurat kor det vil koma er framleis usikkert. 

HØG VASSTAND: I Utladalen i Årdal er elva snart i høgde med Svalheim bru. Foto: Vidar Jansen

– Me følgjer brefelta spesielt tett. Viss det skulle koma mykje nedbør her, så kan situasjonen forverra seg raskt, seier Tommy Skårholen, vakthavande hydrolog ved NVE.

Oppdatering: I 19.00-tida er det Sogndalselvi, Lærdalselvi og Nærøydalselvi som stig av elvane i Indre Sogn som blir overvåka av NVE. Nærøydalselvi er likevel langt unna toppnivået tidlegare på dagen. Utla byrja å gå tilbake i 15.00-tida. Målinga klokka 14.00 viste ei vassføring på 242 kubikkmeter i sekundet. Det er 22 kubikkmeter meir enn snittet for den høgste vassføringa kvart år, den såkalla middelflaumen. Klokka 17.00 er målinga 223 kubikkmeter i sekundet.

Snøen er ein joker

Ikkje minst på Jostedalsbreen har det kome eit tjukt teppe med snø. Det betyr at det skal mykje regn til før det byrjar å renna av breen, men blir snølaget først metta, kan det gjera situasjonen verre.

– Snøen er ein joker, anten vil han halda vatnet att, eller så vil det smelta enno meir, seier Skårholen om situasjonen på Europas største bre.

TYDELEG TREND: Måledata henta frå stasjonen Bøyumselv i Fjærland klokka 11.50 laurdag viser at vasstanden i Storelvi har auka kraftig, og passert merket for ein tiårsflaum. Foto: NVE/Skjermdump

Jostedøla i Luster, og Storelvi i Fjærland var i morgontimane på oransje nivå. Faretrugande høg var òg Nærøydalselvi i Aurland, men her vart toppen nådd i 8.30-tida. Utla, Sogndalselvi og Flåmselvi har òg fått kraftig auka vassføring siste døgnet, ifølgje data frå målestasjonane.

Er elva stor der du er? Send gjerne inn tips og bilete til tips@porten.no eller på sms til 907 03 711.

– Me ser ein stigande trend, sa Skårholen då me snakka med han klokka 10.50 laurdag morgon.

Han forventar at regnet vil roa seg frå ettermiddagen laurdag til utpå dagen søndag. Deretter kjem ein ny periode med intensiv nedbør.

Statkraft tappar magasina

Statkraft har auka beredskapen i Vik, Høyanger og Luster, der dei har kraftverk.

– Det har vore store nedbørsmengder siste natta og døgnet, og det er venta meir framover. Me har folk ute både i Vik og i Høyanger for å halda vassdraga og vassføringa under oppsyn, seier Normann Kjærvik i Statkraft.

For å hindra flaum har dei byrja å tappa vatn frå dei magasina dei kan. Slik håpar dei å skapa plass til smeltevatnet som kjem ned.

– Det spesielle er at det har vore mildt i det siste, samstundes som det kom mykje snø langt ned i fjellet for nokre dagar sidan. Den smeltar fort, og i tillegg til det regnet som kjem, så kan det oppstå flaumsituasjonar, seier Kjærvik.

Til toppen