TOBAKKSFRI FYLKESKOMMUNE: – Tobakk er ein stor trussel for folkehelsa, og me vil gjera fylkeskommunen til eit tobakksfritt miljø, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.
TOBAKKSFRI FYLKESKOMMUNE: – Tobakk er ein stor trussel for folkehelsa, og me vil gjera fylkeskommunen til eit tobakksfritt miljø, seier fylkesrådmann Tore Eriksen. (Foto: Oskar Andersen)

Tobakksfri fylkeskommune frå april

Frå 1. april blir Sogn og Fjordane fylkeskommune eit tobakksfritt miljø.

1. april blir røykfri arbeidstid innført i fylkeskommunen. Det same gjeld for dei som brukarar snus, men berre for tilsette som er i kontakt med publikum, som pasientar i tannhelsetenesta eller elevar.

– Tobakk er ein stor trussel for folkehelsa, og me vil gjera fylkeskommunen til eit tobakksfritt miljø, både for dei tilsette og dei som besøker oss, seier fylkesrådmann Tore Eriksen i ei pressemelding.

I 2013 vart det gjort omfattande endringar i tobakkskadelova. Sommaren 2014 vart føresegna om tobakksfri skuletid for alle elevar sett i verk. Dette nye vedtaket gjeld no alle tilsette i fylkeskommunen.

– Dei nye reglane skal vera helsefremjande både for dei tilsette, dei som nyttar tenestane våre og for all aktivitet på fylkeskommunal grunn, seier fylkesrådmannen.

Får hjelp til å slutte

I samband med innføring av «Restriksjonar mot tobakksbruk», tilbyr fylkeskommunen avvenjingskurs for dei tilsette. Det er høve til å nytte statleg godkjente nikotinerstatningsprodukt.

– Me arrangerer tobakksavvenjingskurs for dei som ynskjer det og håpar at dei som treng det, får god hjelp av dette, seier Eriksen.

Til toppen