Luster: Fredag var det reinaste folkevandringa til Tungestølen på Veitastrond då den nye turisthytta skulle opnast. Den gamle vart knust til pinneved av orkanen Dagmar for snart åtte år sidan.
– Det er nok ein av dei flottaste dagane i Luster på mange tiår, seier ordførar Ivar Kvalen.
Vanlegvis er det hans jobb å klyppa snorer, men i dag hadde han overlate æra til heidersgjesten.
Dronning Sonja hadde nemleg teke turen for å sjå resultatet av atterreisinga med eigne auge. I 1988 overnatta ho i den gamle hytta då ho gjekk tur over breen.
– Ho synst hytta var veldig fin, og skrytte veldig, seier Kvalen.

– Eit før og eit etter
Ordføraren var sjølv inne i hovudhuset og kafeen for første gong på opninga, og er ikkje direkte usamd med vurderinga til dronninga.
– Det er fantastisk flott blitt. Snøhetta kan sine ting, og det var i tillegg høg kvalitet på handverket som entreprenørane hadde gjort. Dette kjem til å bli ein fantastisk attraksjon, både på grunn av den flotte plasseringa i naturen og den spesielle utforminga, seier Kvalen.
Hytta på Veitastrond var eit reisemål for brevandrarar og turglade i over hundre år, og har vore sårt sakna. Med ei ny hytte teikna av verdskjende arkitektar er det å lov å tru at landemerket kan gje eit løft for bygda.
– Det blir spennande å sjå kva konsekvensar det får. For turismen sin del, så blir det nok eit før og eit etter. Spesielt no første året, så reknar me med at det blir veldig mange folk her, seier Richard Nes, som håpar nærbutikken han driv vil få ein oppsving.

Fekk helsa på dronninga
Sonen hans Kasper Nes (6) fekk saman med Tobias Fåberg (6) oppdraget med å ønskja dronninga velkomen til støls. Dei to helsa fint og gav majesteten ein blomst.
– Han er førsteklassing, så han hadde eit litt meir avslappa forhold til besøket enn mange andre som var der. Eg trur han vart meir skremt av folkemassen. Men, det er klart, det var ein spesiell dag, både for han og alle oss andre, seier Nes.
– Det var kjekt at ungane fekk ta imot ho, seier Roger Fåberg, far til Tobias.
– Det er kjempestort for alle her på Veitastrond å få dronninga til å opna hytta. Det er masse positivt som skjer i bygda, og dette vil nok berre bety at det vil bli enno meir som skjer rundt Veitastrondi, seier han.