USAMDE: MDG med Anders Fretheim i front (t.v.) og Høgre, her ved ordførar Noralv Distad (f.h.), Johannes Dalsbotten og Jonas Ure Hylland var på ingen måte einige om det burde vilkårsrevisjon til for Aurlandsvassdraget eller ikkje. Foto: Ole Ramshus Sælthun
USAMDE: MDG med Anders Fretheim i front (t.v.) og Høgre, her ved ordførar Noralv Distad (f.h.), Johannes Dalsbotten og Jonas Ure Hylland var på ingen måte einige om det burde vilkårsrevisjon til for Aurlandsvassdraget eller ikkje. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Tøff debatt om vilkårsrevisjon

Ein kan kanskje tenkja at revisjon av konsesjonsvilkår er noko for spesielt interesserte. Men dette var ei såpass viktig sak at aurlandsordføraren tok i bruk ei røysteform som truleg ikkje er nytta sidan 1963.

Aurland: Vilkåra for at E-CO får lov til å drive kraftproduksjon i Aurlandsvassdraget, dei såkalla konsesjonsvilkåra, har vore uendra i snart femti år. Aurland kommune kan krevja ein revisjon av vilkåra i regi av NVE, noko som i praksis vil bety strengare miljøkrav.

Men kommunen kan også forhandla direkte med E-CO om vilkåra.

Og det var det store spørsmålet i kommunestyret i Aurland torsdag – gir forhandlingar eller revisjon i regi av NVE best resultat for flest mogleg?

Les også: Leiaren for elveeigarlaget uroa for framtida til Aurlandsvassdraget

Les også: Går mot forhandlingar om skjerpa miljøkrav i Aurlandsvassdraget

Høgre og MDG på kvar sin fløy

Johannes Halsbotten (H) var klar i sine meiningar:

– Revisjon tyder sentralisering av ein prosess som kan løysast lokal. Det er godt forhold mellom aurlandssamfunnet og ECO og inngått fleire privatrettslige avtalar. Med revisjon kan me enda opp med nye vilkår som ikkje vil tena nokon part. Kva ein trur ein oppnår meir med vilkårsrevisjon, er for meg aldeles ubegrepeleg, når me kan få så stor og brei medverknad som mogleg. Og me står heilt fritt fram til 2019. 

For, NVE har bede Aurland kommune å koma med innspel og/eller krav om revisjon av konsesjonsvilkår for Aurlandsvassdraget innan 1. mars i år. Aurland Elveeigarlag har fremja krav om revisjon no, men ein kan også seinare krevja revisjon - til i 2019. 

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) var usamde med Dalsbotten om det meste i saka:

– Det er dei almenne interessene som er gjenstand i revisjon, ikkje dei privatrettseleg. Altså jakt, fiske og friluftsliv til dømes - verdiar som definerer kven me er. Villreininemnda vil truleg koma med krav om revisjon. moglegvis også turlaget. Kva er meir rimeleg enn att kommunestyret går inn for desse interessene. Så, til Dalsbotten; me vil berre sikra oss at almenne interesser blir best mogleg ivaretekne. Då er det mest ryddig med revisjon frå NVE, dei har ein heilt annan kompetanse på fagfeltet enn oss. Og 1. mars går toget, sa Anders Fretheim.

– Eg vil påpeika at me i MDG ikkje ser på E-CO som det store, farlege monsteret. Me vil spela på lag, og ønskjer å gjera krafta enno meir grøn. Det kan koma krav til oss om revisjon seinare om me seier nei no, og då kjem me i bakleksa, supplerte Monica Gjesdal Larsen.

Splitta Ap medan Sp var på MDG si side

Varaordførar Leiv Jarle Bergheim (Ap) såg seg einig med Høgre:

– Dette er ei stor og viktig sak for kommunen. Eg stør faktisk Dalsbotten sitt innlegg. Me kan setja ned eit breitt utval her, og alle sine interesser blir talte for. Det er ikkje ei hastesak, me har fram til 2019. At det skal vera gale å gjennomføra forhandlingar med regulanten skjønar eg ikkje – eg meiner me må prøva det først.

Han pådrog seg ein replikk frå Gjesdal Larsen:

– Eg forstår ikkje kvifor det er så vanskeleg å gå utom kommunen for å søkja råd der kompetansen finst. Viss me går utifrå at me uansett kjem tilbake og vil ha revisjon ser eg ikkje vitsen med å utsetja det. Det er snakk om tid og pengar, og her kan me overlata dette til fagkompetansen.

Sturle Ryum (Sp) sa han støtta MDG, heldt fram at dei fleste var einige om at E-CO hadde vore ein god regulant, og la til:

– Det er snakk om vilkår anno 1969. Femti år er lang tid. Eit litt breiare spekter av omsyn blir vurderte ved revisjon av NVE. Og eg trur ikkje ECO kjem til å furta i ei krao i så fall.

For det har også vore eit moment i saka; blir E-CO «vanskelegare å ha med å gjera» i framtida om ein går for revisjon? 

Ei sak med mange spørsmål og problemstillingar, med andre ord. Anita Lærum (Ap) tykte det var kjempevanskeleg:

– Etter formannskapet har eg tenkt veldig mykje, diskutert med meg sjølv og folk som har meir greie på dette. Når eg høyrer på debatten no, kjem eg til å stø framlegg om vilkårsrevisjon.

Venstre:– Har vore att og fram siste dagane

Også Horvei (V) sa han hadde vore att og fram siste dagane. Han fortalde så at han hadde vore borti liknande forhandlingar som dei eit kommunalt utval vil måtte gjennom dersom ein ikkje tek revisjon, og at han då følte han ikkje hadde kompetanse til ei slik rolle.

– Eg opplever at saka har hardna fort og mykje med frontar mot kvarandre. Eg lurer på kvifor? Me må i alle fall unngå at det går ein eller annan form for prestisje i dette. Me må opptre på rett måte. Me har eigentleg ingen motpart i saka. Men me har ansvar gjennom det me får ut av samarbeid med ECO; nok straum og mest mogleg inntekter for kommunen. Så har me eit alment ansvar; spørsmålet om gjeldande konsesjon ivaretek desse almenne interessene. Det bør kikast på revisjon. Eit tog går 1. mars og det er ikkje verste toget.

Dalsbotten (H) let seg ikkje overtala av argumenta frå revisjonsforkjemparane: 

– Viss me får ein revisjon som går heilt ute av kontroll vil det få store økonomiske konsekvensar for kommunen. Det ber eg kommunestyret ta innover seg.

Ordføraren: – Min appell er at me må ha tru på oss sjølve

Då måtte også debatten byrja å gå mot ein ende. Ordførar Noralv Distad tok ordet:

– Aurland kommune har handsama dette fleire gonger. Gjort vedtak og lagt forhandlingsstrategi. Eg håpar me går for forhandlingar og har framleis tru på eigen kompetanse, at me har evne til å ivareta både dei lokale og almenne interessene. Eg er overraska over at så mange meiner at Staten gjera dette betre, overraska over at det kjem frå parti som elles er flinke til å tala for lokale interesser. Min appell er at me må ha tru på oss sjølve.

Så heldt Distad fram at dette var ei så stor og viktig sak at den ikkje kunne røystast over med vanleg handsopprekking – her måtte røysting ved namneopprop til. Denne røysteforma skal sist ha vore nytta då kommunestyret i 1963 gjekk inn for at vegen over Aurlandsfjellet skulle byggjast.

Etter litt organisering og strukturering av kortstokken med namn på representantane  ropte ordføraren opp Bengt Erlend Skjerdal (Sp) og Anita Lærum (Ap) for å føreta trekninga av kven som skulle gje si stemme først. Det vart Distad sjølv, han stemde for forhandlingar.

Artikkelen held fram under biletet

NAMNEOPPROP: Bengt Erlend Skjerdal og Anita Lærum stod for trekninga av kven som skulle starta røystinga ved namneopprop.
NAMNEOPPROP: Bengt Erlend Skjerdal og Anita Lærum stod for trekninga av kven som skulle starta røystinga ved namneopprop.

Deretter vart representantane ropt opp i tur og orden. Dei øvrige fem høgrerepresentantane stemte med Distad, også varaordførar Bergheim. Såleis vart det sju røyster for forhandlingar.

Dei tre andre Ap-representantane, dei fire frå Senterpartiet, dei to frå Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre sin representant stemde alle for vilkårsrevisjon og kom såleis i fleirtal med ti røyster.

Les også: Kommunestyret snudde i saka om Aurlandsvassdraget

Til toppen