GT-BIL: Bilen har verken motor eller køyreeigenskapar som ein sportsbil, men det er ein svært god bil for lange motorvegturar i ganske stor fart. (FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema)
GT-BIL: Bilen har verken motor eller køyreeigenskapar som ein sportsbil, men det er ein svært god bil for lange motorvegturar i ganske stor fart. (FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema)

Tøff i trynet – behagelig på vegen

​Lexus RC 300h kan sjå ut som ein frisk sportsbil. Det er han ikkje, men byr i staden på komfort i lange banar.

Lexus RC 300h ser med den aggressive fronten og kupélinjene ut som ein bil med skikkelege sportsbileigenskapar. I tillegg finst RC frå før av i ein temmeleg hissig F-versjon med V8-motor og 477 hestekrefter.

Dermed er det fort gjort å ha forventningar som bilen rett og slett ikkje kan innfri. For det første er den samla effekten – RC 300h er ein hybridbil – på 223 hestekrefter. Der er sjølvsagt ein del, men altså under halvparten av RC F. Men det aller viktigaste er at bilen har ei trinnlaus girkasse.

Sedat

Det betyr ein bil som ikkje lèt seg køyre som ein sportsbil, ettersom girkassa meir rettar seg etter turtalet som om det skulle finnast ei form for idealtid for turteljarar. Det er ei raudmerking på turteljaren, men girkassa legg konsekvent «girskifta» rundt 1000 omdreiingar lågare, uansett om ein prøver å overstyre dei med dei litt unødvendige hendlane på rattet eller ei. Å leite etter eit område der bilen er ekstra morosam, er ikkje mogleg. Girkassa har kommandoen, og sånn er det.

Artikkelen held fram under biletet

BEHAGELEG: Førarmiljøet er svært behageleg. Lexus har ein eigen vri på skjermfunksjonane, som mellom anna kan styrast via ei kontaktflate på midtkonsollen. Det fungerer bra etter litt tilvenning.
BEHAGELEG: Førarmiljøet er svært behageleg. Lexus har ein eigen vri på skjermfunksjonane, som mellom anna kan styrast via ei kontaktflate på midtkonsollen. Det fungerer bra etter litt tilvenning.

Når ein har akseptert desse elementa, sit ein igjen med ein bil som er sedat og superkomfortabel. For dette er ei maskin som verken skal på bane eller ha ein sjåfør med køyrehanskar eller køyresko.

Skal du derimot på langtur, er det ikkje så dumt å vere bak rattet i ein RC 300h. Chassiset et opp alt som er ujamt, motoren er fredeleg, og det er ikkje mykje vind- eller hjulstøy. Effekten frå motoren er òg meir enn god nok for éi og anna forbikøyring og avslappa køyring i 110.

Spasersko

Bilen ser i utgangspunktet ut som han er i konkurranse med bilar som Mercedes-Benz C-klasse Coupé og BMW 4-serie Coupé og ligg prismessig temmeleg likt konkurrentane. Ulikt standardutstyrsnivå gjer at dei likevel ikkje er heilt jambyrdige.

Vekta er éi samanlikning som gir eit hint om kva slags bil RC 300h er. Dei tyske bilane veg rundt 1,5 tonn, Lexusen ligg 200 kilo over. Dette kan langt på veg forklarast med batteria, men òg med luksus. Det ser ein innvendig. Her er RC 300h meir påkosta enn tyskarane. Der dei tyske bilane ønskjer å vere som løpesko, er japanaren meir som behagelege spasersko.

Artikkelen held fram under biletet

FULLHYBRID: Motoren bruker resirkulert eksosvarme, som skal redusere drivstofforbruk og utslepp.
FULLHYBRID: Motoren bruker resirkulert eksosvarme, som skal redusere drivstofforbruk og utslepp.

RC 300h er eigentleg ikkje noko alternativ til dei nemnde bilane. Ein skal heller ikkje gløyme at ein i byområde kan skli lydlaust rundt til batteripakken er tom, noko som er behageleg, men varer temmeleg kort. Bilen er meir eit alternativ til dei større kupéutgåvene, bilar som er laga for kontinentkryssing med baksete som passar best til menneske som enno ikkje er vaksne.

Kupéalternativ

Batteria et litt av bagasjeplassen, men byr likevel greitt på 340 liter. Det er i alle fall nok for eit par med utflytta ungar og ein biltur til Rhône-dalen høgt på ønskelista.

I tillegg får du ein bil som ser både spesiell og stilig ut. På mange måtar verkar han meir eksklusiv enn det prisen skulle tyde på, og utstyrsmessig må ein vere svært kresen for å finne noko som manglar. Det som krevst, er ei viss tilvenning til Lexus-systema, som har sine heilt eigne løysingar, men dei fell ganske fort på plass i fingertuppane.

Lexus RC 300h er mest av alt eit rimeleg alternativ til dei større kupeane frå Mercedes-Benz og BMW og i mindre grad ein sportsbil for dei som liker ein meir aktiv køyrestil.

Til toppen