Tøff konkurranse kjem kundane til gode

Tøff konkurranse kjem kundane til gode

Sparebanken Sogn og Fjordane har i dag lagt fram resultat for 1. kvartal 2016, med eit totalresultat på 63 millionar kroner.

Sparebanken Sogn og Fjordane melder om at drifta er god med høg aktivitet både på kundesida og internt på prosjekt og utvikling.

Samstundes opplever banken tøff konkurranse, spesielt knytt til bustadlån. Dette kjem kundane til gode gjennom rentenedgang, skriv dei i ei pressemelding. 

Rentene skal ned

Netto renteinntekter er, justert for endra bokføringsprinsipp, om lag på same nivå som for eit år sidan, men i mellomtida har utlåna vakse med 7,1 %.

Det er gjennomført renteendringar som gjer at bustadlånsrentene skal ytterlegare ned, samstundes som finansieringskostnadane for bankane ikkje har falle like mykje som utlånsrentene.

Resultatet er at marginane er lågare enn for eit år sidan. Dette skjer som ein konsekvens av stadig tøffare konkurranse, spesielt på bustadlån.

Likevel er banken godt nøgd med den sterke veksten i utlån, og ville utan denne veksten hatt eit større fall i inntektene. På privatmarknaden har banken ein 12 månadars vekst på 8,2 %. 

Tøff konkurranse 

– Samstundes som det er ein tøff konkurranse om kundane, har banken høg aktivitet internt på utvikling av nye IT-løysingar. Dette skal i neste omgang kome kundane til gode gjennom ei meir effektiv bankdrift og nye og betre digitale løysingar for kundane sjølv, seier administrerande direktør Trond Teigene. 

Banken gjennomfører no eit ambisiøst utviklingsprogram, og gjer også tilpassingar i organiseringa av banken for å trygge gjennomføringa av desse prosjekta. Miljøa for forretningsutvikling blir styrka, og banken har nyleg tilsett sin første digitale direktør Reiel Haugland, som vil inngå som ein del av banken si konsernleiing.

Satsing på IT-løysingar

Den offensive satsinga på nye IT-løysingar og forretningsutvikling viser også igjen på kostnadssida, der kostnadane i 1. kvartal enda på 101 millionar kroner, ein auke på 5 millionar kroner frå same periode i fjor.

Farten i næringslivet i Sogn og Fjordane er tilsynelatande relativt stabil og  så langt i mindre grad påverka av nedturen som delar av Vestlandet har opplevd som følgje av nedgangen i oljepris. Dette syner også igjen i rekneskapen i form av låge nedskrivingar på utlån for kvartalet, med ei nedskriving på 9 millionar kroner.

Totalresultatet på 63 millionar kroner gir ein eigenkapitalavkastning på 7,1 %. Justert for endra periodisering av sikringsfondsavgift er eigenkapitalavkastninga på 8,3 %, noko banken er tilfreds med.

Til toppen