Luster: – Eg tykkjer ikkje det er greitt, for eg har jo trent mot Fanaråken Opp, seier Per Ove Walaker frå IL Fanaråk.
Walaker er røynd i motbakkar og har vore med på mange løp i år.
– Eg har hatt tre turar opp til Fanaråken i sommar og låg an til å slå min eigen rekord, men no blei det no ein gong ikkje sånn.

– Kjennest godt i leggane
Rekorden hans opp til Fanaråken er 1:10:00, og tida frå Fortun til Turtagrø enda i dag på 54:15, noko som gav han 2. plass i klassen 45-49.
– Eg er nøgd. Eg held no litt koken med unggutane, og så blei eg nummer tre på Lustratrippelen, seier han og smiler.
Lustratrippelen er tida på løpa Lustraløpet, Molden Opp, og Fanaråken Opp samanlagt.

– Kva er verst av å springa opp Fanaråken og frå Fortun til Turtagrø?
– Det er mykje betre opp Fanaråken, då er du meir sliten i heile kroppen, medan opp hit ligg ein heile tida oppunder syregrensa og det kjennest i leggane, seier Walaker.
Applauderte arrangørane
Men til tross for uhell med vêret var det god stemning då Yngvar Andersen, stolt fortunsdøl, delte ut premiar til både dei som sprang og dei som gjekk.
– Eg tykkjer me skal gje ein applaus til arrangørane som har fått ein kald dusj for andre år på rad. Det er ikkje kjekt at dagen før er det strålande forhold, men likevel må du innsjå at det ikkje blir Fanaråken i år heller, sa Andersen.

Sjølv gjekk han opp på Turtagrø, og kunne stadfesta at det ikkje var optimale forhold for løparane.
– Det var kolosalt med medvind når eg sprang tilbake til Fortun, så det betyr at nokon har hatt motvind på vegen opp.
Men dette hindra ikkje løparane frå å oppnå svært gode tider og resultat på dei 10 kilometerane, og omlag 900 høgdemetera det er frå Fortun til Turtagrø.
Resultat

Topp tre i herreklassen blei:
1. Per Christian Lysaker Torgersrud på tida 45:01,0
2. Hans-Inge Klette på tida 46:44,8
3. Joel Dyrhovden på tida 46:53,9
Topp tre i kvinneklassen blei:

1. May Britt Buer på tida 56:11,5
2. Anita Håkenstad Evertsen på tida 59:47,9
3. Merete Helgheim på tida 1.03.21,9
Og vinnarane av Lustratrippelen blei Geir Steig, frå Luster, med ei samanlagt tid på 2:13:00, og Selina Asperheim Barsnes, frå Årdal, med ei samanlagt tid på 3:04:00.