SEL: Den norske importøren seier at salet av S- og RS-modellar har vore historisk godt så langt i år. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema
SEL: Den norske importøren seier at salet av S- og RS-modellar har vore historisk godt så langt i år. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema

Tøffare enn du trur

Audi S3 ser ikkje så spesiell ut, men bak det beskjedne ytre skjuler det seg ein av Audis aller artigaste bilar.

  • Endret

Dagens Audi A3-generasjon har vore på vegen sidan 2013, det betyr at den er cirka midt i sitt livsløp. Dermed er tida er inne for ein face-lift, slik at bilen skal halde seg fresh i tre år til. Det inneber sjølvsagt ingen store, radikale forandringar. Audi har ikkje for vane å ta av når det gjeld design. Truleg ser ikkje folk flest forskjellen på den nye generasjonen A3 og den førre.

Utvendig er oppgraderinga særleg synleg i fronten, med nye lykter og ny grilldesign. Innvendig får ein no moglegheita til å be om det heildigitale instrumentpanelet dei kallar virtual cockpit, noko ein heilt klart bør gjere. Det kostar vel 4000 kroner og er både elegant og svært brukarvennleg.

A3-modellen har dei seinare åra vore Audis bestseljar i Noreg, i høg grad takka vere den ladbare hybriden A3 e-tron, som står for 75 prosent av salet. Testbilen er noko heilt anna.

Dei aller fleste A3 som blir selde, er Sportback, altså kombicoupé, mens testbilen er ein sedan. Ein variant som er så sjeldan at ein knapt trur den finst.

Veldig rask

Og ikkje nok med det, dette er ein S3. Som vil seie at det er ei seriøst sprek maskin. Med faceliften fekk denne utgåva også litt meir hestekrefter, ti stykke, som gir totalen 310. Med ei vekt på snautt 1,5 tonn snakkar vi med andre ord om ein liten familieracer, som flyttar seg frå null til hundre på heftige 4,6 sekund.

Artikkelen held fram under biletet

FESTLEG: Motoren på to liter er ein artig variant. Det er ikkje så mykje futt under 2000 omdreiingar per minutt, men så tar den av.
FESTLEG: Motoren på to liter er ein artig variant. Det er ikkje så mykje futt under 2000 omdreiingar per minutt, men så tar den av.

Ein kul ting med S3 er at den ser så ordinær ut. Ein skal vere bra interessert i Audi for å skjønne at dette er noko anna enn ein A3 med S-line ekstrautstyr. Det blir avslørt litt når ein fyrer opp bilen: Sportseksosen og den hissig to liters motoren snerrar, og to sett med doble eksosrøyr hintar om at dette ikkje er ein vanleg, kompakt familiebil.

Sedanversjonen av A3 verkar som ein lett krympa versjon av tilsvarande A4 og A6. Ikkje berre den innvendige plassen, men også støynivået avslører at dette er ein mindre bil. Det er eit ganske betydeleg innslag av vind- og hjulstøy i kupeen, noko ein unngår i dei større modellane. Og sjølv med justerbart understell verkar S3 temmeleg stump, ein kjenner det godt når underlaget ikkje er nyasfaltert.

Knatring

Innvendig er det eit supert nivå. Testbilen har sportssete til 8.500 kroner, som gir veldig fin støtte. Og sjølve dashbordet held det høgste nivået i segmentet no som bilen kan leverast med den heildigitale skjermen.

Tidlegare har noko av kritikken mot Audis S-modellar vore at dei verkar litt tammare enn spesifikasjonane tilseier. Det har verka som om produsenten ikkje har klart å overføre tala til tilsvarande mengde køyreglede. Med denne oppgraderte S3-modellen, som også har fått litt ekstra dreiemoment, fell det meste på plass. På svingete riksvegar vaknar den opp. Motoren har ein flott respons midt i turtalsregisteret, S tronic-girkassa er kvikk, bilen tar svingane flatt og avslappa. Det heile blir akkompagnert med artig knatring frå eksosanlegget, at noko av lyden nok er av ein meir kunstig art, gjer ingenting.

Bilen har trekkjer på alle fire hjul, og på turr asfalt er veggrepet totalt så lenge ein held seg innanfor norsk lov. Det er ein bil som i utgangspunktet er forhjulsdriven, men ei Haldex-kopling vil sende kraft til bakhjula når det trengst.

Artikkelen held fram under biletet

KLASSELEIANDE: Interiøret er frå øvste hylle. Med det heildigitale dashbordet er det ingen i same segment som byr på noko betre.
KLASSELEIANDE: Interiøret er frå øvste hylle. Med det heildigitale dashbordet er det ingen i same segment som byr på noko betre.

Prisfall

Med den kompakte forma er S3 ein livleg bil, som legg seg på ei hylle over GTI-bilane, elles ein stad der ein også finn Volkswagen Golf R. Den har så å seie identiske ytingar frå same motor. Audien verkar litt meir forseggjort, men Golf R er hakket meir festleg på vegen.

På den andre sida er S3 ein av dei aller artigaste Audiane på marknaden i dag, ikkje minst sett i samanheng med prisen. For eit par år sidan kosta den same bilen 750.000 kroner, nær 150.000 meir enn i dag. Ein litt meir effektiv motor og politikarar som har dreidd avgiftssystemet frå motorrom til eksosrøyr, har gitt store utslag for ein bil som dette.

Sjølvsagt er det framleis ganske mykje pengar for ein relativt liten bil. Men S3 kjennest samtidig ganske spesiell – sjølv om den ikkje ser slik ut – noko som er essensen med Audis S-modellar.

 

 

Til toppen