EVENTYRET OVER: Norway Cup-eventyret er over for Sogndal G14 etter at dei tapte semifinalen 0-2 for Fjellhamar. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
EVENTYRET OVER: Norway Cup-eventyret er over for Sogndal G14 etter at dei tapte semifinalen 0-2 for Fjellhamar. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

– Tøffare motstand enn i Sogn

Norway Cup-eventyret er over for denne gjengen frå Sogndal. 

Sogndal 2 – Fjellhamar 0-2

Ekebergsletta: Etter ein hederleg innsats så langt i turneringa, sa det omsider stopp i semifinalen for Sogndal sitt G14-lag i Norway Cup. I semifinalen fredag morgon blei det 0-2-tap mot Fjellhamar. 

Porten.no møtte ein sliten gjeng som no har sett kursen mot Sogndal att.

Kaptein Mikkel Erlandsen (14) har vunne seks kampar under årets Norway Cup med Sogndal IL 2. 

– Det er tøffare motstand her enn på heimebane i Sogndal, seier han. 

Sommarens høgdepunkt var då dei gjekk vidare frå gruppespelet. 

– Sjølv om eg har spelt med feber, så har det gått bra. 

Fredagens kamp var ein av to kampar laget totalt har tapt under årets turnering. 

– Laget virka litt slitne og trøtte, men alt i alt har cupen vore morosam og sosial. Me har møtt mange nye folk, seier han. 

Reiser heim med heva hovud 

Det andre gutelaget til sogndølene kom seg til 16-delsfinalen

– Det er verkeleg stort gjort av begge laga. Dei har gjort ein stor innsats heile vegen og alt er bra gjennomført, seier trenar Roar Erlendsen. 

Gutane har dei siste dagane vore plaga med influensa og sjukdom, men gjennomførte likevel semifinalen med god stil. 

– 2. omgangen var god, men mostandaren vart hakket hvassare enn oss. Det må me leve med. No reiser me heim med hovudet heva og synest det me har gjort er godt, seier Erlendsen. 

Lagt merke til

Han håpar på at mottakinga av gutane heima i Sogndal blir bra og at folk i Sogn har følgt med på resultata deira. 

– Gutane har kome langt og gjort det stort. Det er det nok mange i Sogndal som har lagt merke til. 

Sjølv om det har vore ei lang veke, har gutelaget også hatt tid til å vera sosiale utanfor fotballbana. 

– Veka har vore intens. Mykje reising til og frå arenaen, men det er ein super gjeng å reisa med, så det er ikkje noko problem, avsluttar Erlendsen. 

Til toppen