TØFT: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim synest det er tøft av Jens Reidar Ljøsne å satse på lausdriftfjøs i Lærdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TØFT: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim synest det er tøft av Jens Reidar Ljøsne å satse på lausdriftfjøs i Lærdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Tøft at ein bonde torer å gjere dette

Det seier Jan Geir Solheim om satsinga til Jens Reidar Ljøsne. 

Ljøsne: Mjølkekyrbonden har i haust investert over sju millionar kroner i lausdriftfjøs, og er dermed den første i Lærdal som har denne typen fjøs for mjølkekyr. 

Ljøsne fortel at dette er noko han må gjera dersom han ønskjer å halde fram med kyr. I 2024 trer nemleg kravet om lausdriftfjøs i kraft. Difor må alle mjølkekyrbønder gjere denne endringa.

– Det er heilt fantastisk. Det er tøft at ein bonde tør å gjera dette her, synest eg. Det er veldig imponerande, seier ordførar Solheim, som sjølv driv med kyr. 

Viktig for landbruket

Fjøsen til Ljøsne er høgteknologisk, der mykje er styrt av robotar – alt frå mjølking til reingjering av fjøsen er det robotar som tar seg av, noko som har endra kvardagen til bonden betrakteleg. 

Landsbrukssjef Magnhild Aspevik er også av oppfatninga at dette er viktig for landbruket i Lærdal og Sogn og Fjordane.

Artikkelen held fram under biletet.

MODERNE: Den nye fjøsen ligg like ved E16 og er toppmoderne. Her går kyrne fritt i staden for å stå i bås.
MODERNE: Den nye fjøsen ligg like ved E16 og er toppmoderne. Her går kyrne fritt i staden for å stå i bås.

– Det er kjempeflott at nokon vil satse på dette. Me treng mjølkekyr i Lærdal, og det er dette som er framtida. I 2024 er det slutt på båsfjøs, og det er viktig for mjølkeproduksjonen i fylket at dette blir ivaretatt. Me treng kyrne i landsskapet og treng nokon til å produsere mjølk til meieriet på Byrkjelo. Me håpar det er fleire som gjer dette, men det er det opp til bøndene sjølv å bestemme, seier ho og får støtte av Aleksander Øren Heen i Lærdal Næringsutvikling (LNU).

– Landbruket er ei viktig næring i Lærdal og var ein av næringane med vekst i arbeidsplassar i fjor. For å oppretthalde det er ein avhengig av at nokon satsar. Og så er det viktig for næringsmiddelindustrien i fylket at du sikrar volum. Det er betydeleg med arbeidsplassar som er avhengig av mjølkeproduksjonen, seier Heen.

Midlar må følgje med

Til dette prosjektet var det Innovasjon Norge som bidrog med midlar, men Ljøsne er klar på at det burde følgja meir midlar med regelkravet. I år har potten som Innovasjon Norge deler ut pengar frå gått tom.

Artikkelen held fram under biletet.

PROSJEKT: Aleksander Øren Heen i Lærdal Næringsutvikling fortel at LNU er i gang med prosjekt ilag med mjølkekyrbøndene i Lærdal.
PROSJEKT: Aleksander Øren Heen i Lærdal Næringsutvikling fortel at LNU er i gang med prosjekt ilag med mjølkekyrbøndene i Lærdal.

– Det er ei utfordring, og det er veldig synd for då klarar du ikkje å satsa på dei som har vilje til å vere med. Då er det mange prosjekt som får avslag. Ein må frå sentralt hald bidra så det blir likt for alle som skal investera, og så skal det lokale næringsapparatet sjølvsagt vera med så godt dei kan i prosessane, fortel Heen. 

Viss dette ikkje skjer, risikerer ein at det blir slutt på produksjonen. Det kan få konsekvensar for Lærdal og landbruket i fylket, meiner Aspevik og seier det er opp til politikarane å pressa på slik at Innovasjon Norge får fylt opp potten. 

Jobbar med nye prosjekt

Men det er prosessar i gang i Lærdal, kan Heen fortelja. For tida vert det jobba med eit prosjektsamarbeid mellom LNU og mjølkekyrbøndene, der ein håpar at det skal koma fleire gode prosjekt ut av. 

– Det er slik at me har hatt ein langvarig nedgang, slik som alle kommunar. Det er ikkje lenge sidan det var over 30 mjølkekyrbønder, og no er det tolv. Den nedgangen har vore dramatisk, og no er det på eit minimum. Difor håpar me at det er andre som vil satsa, ikkje berre dei tolv, men også andre som vil starte på nytt, seier Solheim.

Til toppen