BERGENSBANA: Det er ettermiddagstoget frå Oslo til Bergen, som var om lag tre timar forsinka, som køyrde inn i raset.
BERGENSBANA: Det er ettermiddagstoget frå Oslo til Bergen, som var om lag tre timar forsinka, som køyrde inn i raset. (Foto: Skjermdump / Google Maps)

Togbana er rydda- passasjerane er no på veg til Bergen

Toget var parkert på Myrdal stasjon i natt, og passasjerane vart tatt vare på i toget.

Aurland: – Togbana skal no vera rydda, og toget skal gå vidare mot Bergen, seier Åge-Christoffer Lundeby, kommunikasjonsleiar i VY.

Toget stod parkert ved Myrdal stasjon i natt, og Raude kors og politiet i tillegg til VY køyrte opp med snøscooter for å ta vare på passasjerane.

– Dei hadde mat, straum, og varme, og dei sov på toget. Det er ikkje eit sovetog, men ein rett og slett ikkje noko val, seier Lundeby.

Ingen personar tatt av skredet

Klokka 23:42 laurdag kveld køyrde eit persontog som kom frå Oslo inn i eit snøskred rett etter Gravhalstunnelen. Tunnelen ligg mellom Upsete stasjon og Myrdal stasjon.

– Toget er uskadd, og det er ingen skadde personar i toget, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt til Porten.no.

Toget rygga tilbake inn i tunnelen, og operasjonsleiaren meldte om at passasjerane har det bra. Politiet ankom staden like før klokka 03:00.

Klokka 08:40 melder Vest politidistrikt på sin Twitter-konto at alle 115 passasjerane har blitt frakta til Myrdal stasjon. Dei blir ivaretatt av VY og BaneNor.

Det er mest truleg to hytter og eit skur som er tekne av raset. Det er ikkje lov å bu i desse hyttene på denne tida av året, men nødetatane jobba med å finne ut om det er personar som har blitt tekne av skredet.

Hundar har gjort overflatesøk i området. Politiet meiner dei har god oversikt, og melder om at så langt ser ut som det ikkje har vore personar i hyttene.

Bergensbana er stengd som følge av raset. 

Saka vert oppdatert. Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til +61450717816 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen