Tok av då han flytta til Årdal

Tok av då han flytta til Årdal

Eskil Digernes nærmar seg 150 000 følgjarar på Instagram. Ofte er det naturen i Årdal som er motiv. 

Årdal: Etter at Digernes flytta til Årdal byrja ting å ta av. Bergensguten gjekk tur i fjellet og fanga augneblink på mobiltelefonen som han la ut på Instagram.

Bileta har blitt sett verda over, og no har følgjarmassen vokse til å bli nærare 150 000. Digernes har også fått rolla som hovudperson i NetComs nye mini-dokumentar, der me ser han i kjend natur som Vettisfossen og Skarpenor.

– Det er veldig vanskeleg å visa bileta viss dei ligg i eit fotoalbum i sekken. Gjennom delingstenester kan folk som gjer rare og interessante ting, visa seg fram og lettare bli oppdaga. Distribusjon av bileta mine gjer seg nærast sjølv, og då kan eg heller fokusere på å ta gode bilete, seier han i ei pressemelding som er sendt ut på vegne av NetCom. 

Digernes trur årsaka til at bileta hans har blitt så populære er fordi dei er unike og ofte blir tatt frå uvanlege vinklar. 22-åringen er villig til å gå på kanten av stupet for det rette biletet. 

Videoen med Eskil kan du sjå her (ekstern lenke til NetCom). 

Til toppen