KLAR TALE: Personen eller personane som natt til laurdag har hengt opp eit nytt skilt ved krysset ved Hydro og tek til sentrum har tydelege tankar om kva som burde etablerast i Hydroparken. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Tok Europris-debatten eit steg vidare

Natt til 17. mai hengte russen i Årdal opp eit nytt skilt som informerer om kvar dei meiner Europrisbutikken burde plasserast. 

Årdal: Den siste tida har det vore mykje snakk om Hydroparken og etableringa av ein eventuell Europrisbutikk. 

Russen har teke på seg skylda over det artige påfunnet med å setja opp eit Europris-skilt i Øvre Årdal. 

Les også: Hydroparken – kva skal den brukast til?

Det å henge opp plakatar ulike plassar i kommunen, er ein tradisjon som Årdalsrussen har hatt i fleire år. 

Det sjølvlaga skiltet ser ut til å ha blitt klistra over eit severdigheittsskilt i krysset ved Hydroverket i Øvre. 

Les også: – Me meiner det er plass til aking og handel

Nyleg var det folkemøte om framtida til Hydroparken. Her argumenterte folk for både for og imot etablering av ein Europrisbutikk. 

Klokka 13.00 laurdag morgon var skiltet framleis ikkje teke vekk. 

Til toppen