Tok farvel med ei siste førestilling: – Hadde ein klump i halsen

Nye krefter tek over danseverkstaden i Sogndal. Sjå bilete frå det som var den siste elevframsyninga til fleire av instruktørane. 

Sogndal: Gjennom tre år har gjengen i danseverkstaden i Sogndal lært opp hundrevis av ungar. Elevframsyninga med Dans utan grenser vart for mange av dei eit farvel til det dei skildrar som ei fantastisk tid.

SISTE DANS: Denne gjengen er klare for å gje frå seg stafettpinnen etter å ha fungert som danseinstruktørar dei siste tre åra. Bak frå venstre: Pernille Haukås, Ingvild Skjelle Fimreite, Marielle Brandshaug, Christian Kvam, Mariann Stigen, Anne Mari Mundal, Ingeborg Haukås. Framme: Vilde Falck Husum og Maria Kleiven.

– Mange av oss er tredjeklassingar, så då reiser vi vidare ut i livet, seier Pernille Haukås.

Ho er ein instruktørane i gruppa som hadde regien då over hundre barn var på scena i kulturhuset. Veninna Ingvild Skjelle Fimreite seier ho har lært mykje av å lære vekk dans til andre.

– Det å ha elevtimar med ungane ein gong i veka er veldig givande. Vi får så mykje igjen for det harde arbeidet vi gjer og har blitt ein samansveisa gjeng, seier ho.

At gårsdagens framsyning faktisk er den siste dei tek del i er rart å tenkje på.

– Det er veldig blanda. Det er deilig å gje stafettpinnen vidare, men samtidig litt fælt. Eg kjente eg hadde ein klump i halsen på siste elevtimen. Det er noko eg kjem til å ta med meg vidare i livet, seier Ingvild

– Vi kjem aldri til å gløyme kvarandre eller denne tida. Det er ei oppleving ikkje alle får ta del i, seier Pernille.

Til toppen