VINNAR: Bjørghild Holien, leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal Idrettslag, held opp beviset på at det var flest nye merketakarar av Idrettsmerket i Lærdal for Sogn og Fjordane sitt vedkomande. Ingrid Narum, Plan- og utviklingsleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins, til venstre. Privat foto
VINNAR: Bjørghild Holien, leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal Idrettslag, held opp beviset på at det var flest nye merketakarar av Idrettsmerket i Lærdal for Sogn og Fjordane sitt vedkomande. Ingrid Narum, Plan- og utviklingsleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins, til venstre. Privat foto

Tok flest idrettsmerker og fekk pengepremie

– Lærdal Idrettslag er eit prakteksempel når det kjem til antal og gjennomføring, seier utviklingsleiar i Idrettskrinsen 

Sogn og Fjordane Idrettskrins utlyste konkurranse om kven av idrettslaga i fylket som klarde å få flest nye merketakarar av Idrettsmerket. Lærdal vann og fekk med det 5000 kroner.

Fem nye merketakarar siste året

– Lærdal Idrettslag har også flest merketakarar dei siste åra. Så dei er til føregang for andre idrettslag, seier Ingrid Narum, Plan- og utviklingsleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins. 

I Lærdal har det vore fem nye merketakarar siste året, og i løpet av dei siste fem åra har 30 teke idrettsmerket i bygda. Dette er altså best i Sogn og Fjordane. Lærdal Idrettslag vann også konkurransen i fjor.

Idrettsmerket er ein lågterskelaktivitet i idrettslaga. For å få merket må ein gjennomføra ei spesifikk øving innanfor øvingsgruppene trim, spenst/presisjon, hurtigheit, styrke og uthald. I nokre av gruppene er det også spesifikke prestasjonskrav for dei ulike øvingane. I tillegg finst merket i både bronse, sølv og gull etter kor mange gonger ein gjennomfører heile rekkja av øvingar. Og gjennomfører ein dette verkeleg mange gonger oppnår ein kravet til både idrettsmerkestatuett, - krus, -miniatyrstatuett, - heiderspris og diverse årsmerker.

– Fin måte å testa formen på

– I Lærdal er det veldig bra og stor aktivitet. Dei er eit prakteksempel når det kjem til antal og gjennomføring, seier Narum.

Medan ein slit med å stilla fotballag i seriesystemet på seniornivå i mange av sognekommunane - mellom anna Lærdal - er altså det å ta idrettsmerker populært. Narum har ikkje høve til å kommentera direkte kor vidt ein ser ein trend til at fleire flyttar over frå organisert aktivitet til andre aktivitetsformer, men understrekar at idrettsmerket er ei fleksibel ordning som gjer det enkelt å testa formen. 

– Det er berre å koma og gjennomføra aktivitetane. Langt på veg kan ein sjølv leggja opp kor mykje ein tek i.

Dei 5000 kronene Friidrettsgruppa i Lærdal Idrettslag fekk er øyremerka lågterskelaktivitet innanfor Idrettsmerket.

 

Til toppen