Evje/Leikanger: Jørgen Humlestøl Njøs frå Leikanger sprang seg til ein førsteplass i NM i skogsløp.
– Det kjennest bra. Eg låg eit halvt minutt bak, så eg var ikkje sikker på at det skulle gå, seier Njøs til Porten.no.
Men han innrømmer beskjedent at han trudde at medalje var innan rekkjevidde i forkant av konkurransen.
– Eg tenkte at eg hadde ein liten sjanse. Det var seks stykk som starta før meg, men eg spring jo litt fort, seier han.
For ei dryg veka sidan deltok han i NM i skogsløp sprint, og vann. I morgen deltek Jørgen Humlestøl Njøs i feltskyting på 100 meter.
Sølvgutten
Men det var ikkje berre ein sogning som henta heim medalje etter dagens konkurranse. Jens Henrik Hegg tok nemlig sølv i junior-NM i skogsløp.
– Og så tok han sølv i skogsløp sprint i Kristiansand i førre veke, seier pappa Olav Tiemann Hegg stolt.
Sjølv deltok han i seniorklassen.
– Eg har fullført og hatt det kjekt, seier Hegg og ler, og legg til at han var litt uheldig med skytinga.
– Dette er ei flott grein med skyting, konsentrasjon og springing i skog og mark. Ein idrett for god folkehelse, seier Hegg til Porten.no
Resultat fra Sogn
Det var fleire vaksne og barn frå Indre Sogn som deltok i dagens konkurranse. Det var ein finale i veteran 73 år, der Magnar Molland skaut seg inn på ein 10.plass samanlagt.
– Det er ein ganske bra plassering. Han hadde 250 frå før, og fekk 100 no med tre innartiarar, seier Jens Terje Hammervoll, frå Sogndal skyttarlag.
Men for sogningane i går var det hovudsakleg skogsløpet som stod på spel. Mange sogninga sprang i mange forskjellige klassar, og tok heim 5 medaljar.
– Det var jo sjølvsagt eit mål for fleire å få medalje, men det er litt overraskande og heilt fantastisk at me fekk så mange, seier Hammervoll.
Dei fem medaljane var:
Jørgen Humlestøl Njøs(Leikanger) - 1.plass i klasse rekrutt gutar
Matyas Galambos(Sogndal) - 2.plass i klasse eldre rekrutt gutar
Ingvild Eikevik(Sogndal) - 3.plass i klasse eldre rekrutt jente
Vegard Eikevik(Sogndal) - 3.plass i klasse senior menn B
Jens Henrik Hegg(Hegg) - 2.plass i klasse junior gutar