TOK INITIATIV: Denne gjengen ønskte eit handballtilbod i nærmiljøet og tok difor initiativ til å danne eit handballag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TOK INITIATIV: Denne gjengen ønskte eit handballtilbod i nærmiljøet og tok difor initiativ til å danne eit handballag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Tok initiativ til å danne eige lag

Desse gutane ville ha eit handballtilbod i nærområdet. For å få det til, tok dei saka i eigne hender.

Årdal: 14-åringane hadde eit handballtilbod gjennom samarbeidet Årdalstangen IL og IL Jotun har på handballen, men ville ha tilbodet i nærområdet. For å få det til, plukka dei opp handballen og byrje å spørje.

– Me snakka litt om det mellom oss, og så fekk me lyst til å byrja på handball att. Me spurte Oli (Olafur Sveinsson journ. anm.) fordi me har hatt han som trenar tidlegare, og då var det veldig kjekt og me spelte god handball, fortel Åsmund Nesse, som var ein av pådrivarane til å få dette til.

Islendingen, som til vanleg trenar førstelaget på damesida, var først litt lunken, men etter litt masing gav han til slutt etter.

– Dei spurte meg tidleg på hausten om eg var villig til å vera med. Eg var litt avvisande for dei stakkars gutane, men så maste dei litt, og til slutt sa eg at eg kunne trene dei dersom dei sjølve tok kontakt med styret for aldersbestemt handball og fekk godkjenning.

Artikkelen held fram under biletet.

MASTE: Gutane hadde tidlegare hatt Olafur Sveinsson som trenar og maste og maste til han sa ja til å trene dei.
MASTE: Gutane hadde tidlegare hatt Olafur Sveinsson som trenar og maste og maste til han sa ja til å trene dei.

Fekk eit ja

Dette gjorde gutane, og etter litt masing her også, så fekk dei ønsket sitt oppfylt.

– Eg sa at me ønskte oss eit lag, men det var eigentleg ikkje mogleg fordi det var for seint. Det var snakk om at me skulle slå oss saman med ÅTIL, men me ville trena her oppe, og til slutt fekk me eit ja, seier Nesse vidare.

– Me synest handball er kjekt og gøy, og for to år sidan gjorde me det ganske bra. Og så har me mange vener her, seier Stian Laberg. 

Nærtilbod

Då Porten.no var innom treninga deira, var det 14 spelarar på trening. Dei har meldt på lag og hevdar seg svært godt i serien og ligg på ein 2. plass.

– Dei hadde tilbod gjennom klubbane sitt samarbeid, men treningane skulle vera på Årdalstangen, og det var ingen interesse herfrå å reise ned dit, og det var sikkert difor dei kom og spurte. Det viser seg at det no er 14-15 gutar som trenar, og det syner kor viktig det er med eit nærtilbod, seier Sveinsson. 

Artikkelen held fram under biletet.

MYKJE MORO: Tanken med laget er at det skal vere litt show med flygarar og underhaldning i kampane, samstundes som det er litt seriøst også, seier Sveinsson.
MYKJE MORO: Tanken med laget er at det skal vere litt show med flygarar og underhaldning i kampane, samstundes som det er litt seriøst også, seier Sveinsson.

– No er det slik at det ikkje er fleire enn tre-fire i den alderen som spelar handball på Årdalstangen, og dei har tilbod med 15-åringane, slik eg har forstått det. Eg er litt usikker, men dei er iallfall velkomne til å trene med oss og eventuelt spele kampar dersom dei ønskjer det. Døra er open.

Håpar på mykje folk

Desse gutane spelte ikkje handball i fjor, men sjølv om det er to år sidan sist, gjer dei det svært så godt og kjempar heilt i toppen. Laurdag er det toppkamp mot Sogndal, og då håpar dei at så mange som mogleg skal ta turen for å heie dei fram.

– Det handlar om engasjement. Eg sjølv saknar litt engasjement, ikkje berre i handballen, men i idrettslivet og klubbmiljøet i handballen. På senior har me prøvd å samla inn pengar og senda positive signal ut i bygda, seier Sveinsson.

Kampen er gratis, men dei håpar publikum vil ta med seg nokre kroner som laget samlar inn og gir vekk til eit godt føremål. 

– Det er kult med mykje folk på tribuna, og me ønskjer å ha masse publikum og at dei skal støtta oss. Kjøp kake og saft, er oppmodinga Leander Øy har til dei som kjem. 

Til toppen