GODE PRESTASJONAR: Turngruppa til Jotun tok med seg tre pokalar tilbake til Årdal førre helg, medan ÅTIL fekk med seg ein pokal. På biletet ser du Ingeborg Bukve Strand, Maria Kleiven, Emma Nondal, Ailin Hellebø, Leah Nordnes og Sofie Øren. Foto: Sofie Moen.

Tok med seg fire pokalar heim frå Granspretten

Både Jotun og ÅTIL hevda seg bra på Granspretten.

Årdal: Dette er ein konkurranse for rekrutt, junior og senior i trampett, tumbling og gymhjul. Jotun fekk med seg tre pokalar heim til Årdal, medan ÅTIL tok ein sterk 2. plass i tumbling for rekrutt.

Granspetten finn stad på Gran i Hadeland, og Jotun stilte med 15 utøvarar fordelt på fire lag, medan ÅTIL hadde med seg ein tropp på seks jenter i rekruttklassen.

– Me valde å reise på denne konkurransen for at gymnastane våre skal få litt meir konkurranseerfaring, samt for å sjå om me klarar å måle oss med nivået i ein annan konkurranse enn kretsmesterskap som var den førre konkurransen me deltok i, seier Aine Heggø og Sofie Moen, som er turntrenarar i Jotun. Førstnemnde er hovudtrenar.

Les også: I april kjem det hundrevis av gymnastar til Årdal

Jotun var på golvet heile åtte gonger, så det blei rom til fritid i løpet av helga. Når dei ikkje brukte tida på oppvarming og førebuingar, studerte dei andre lag sine køyringar.

Artikkelen held fram under biletet.

TRAVELT: Gymnastane hadde ei travel helg. Heile åtte gonger var dei på golvet. På biletet ser du Augusta Luggenes, Matilde Dvergedal, Karoline Molland, Sofie Øren, Leah Nordnes og Ingeborg Bukve Strand.

Turnlaget frå Øvre Årdal kom på plassen bak ÅTIL i tumbling i rekruttklassen. I same klasse tok dei også ein 2. plass i trampett, men kanskje den største prestasjonen var det juniorjentene som stod for med ein 3. plass.

NUMMER TO: Turngruppa til ÅTIL hevda seg også bra med ein 2. plass i tumbling i rekruttklassen.
NUMMER TO: Turngruppa til ÅTIL hevda seg også bra med ein 2. plass i tumbling i rekruttklassen.

– Juniorklassen har aldersinndeling fra 13-18 år, og her var laga våre blant dei yngste i klassen, då me berre stilte med 11-, 12- og 13-åringar i denne klassen. Me synest difor det er ein stor og god prestasjon av dei, når dei klarar å hevde seg i ein klasse der mange av laga var mykje eldre enn våre gymnastar.

Reisefølgjet bestod av hovudtrenar Aina Heggø med Therese Lægreid, Marita Lindborg og Moen sjølv, medan Rigmor Skrede og Kristin Strand bidrog som reiseleiarar.

– No er neste mål Barneturnstemne her i Årdal i april, der alle troppane i turngruppa skal ha eigne oppvisningar. Turnarane gledar seg veldig til å få vise fram kva dei kan, og samstundes få sleppe seg litt laus fra reglar og krav som dei har i konkurransar. No blir det ingen fleire konkurransar før til hausten når det er kretsmesterskap att, fortel Moen.

Til toppen