TOK GREP: – Det er mange som treng hjelp, og eg tykkjer det er vår tur til å bidra, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim. I lag med fire andre, er dei no i gang med å prøve å få til eitt asylmottak for 58 einslege mindreårige på Borgund. Foto: Ina Eirin Eliassen
TOK GREP: – Det er mange som treng hjelp, og eg tykkjer det er vår tur til å bidra, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim. I lag med fire andre, er dei no i gang med å prøve å få til eitt asylmottak for 58 einslege mindreårige på Borgund. Foto: Ina Eirin Eliassen

Tok privat initiativ til å oppretta asylmottak

– Men eg blir ingen brakkebaron altså, sa ordførar Jan Geir Solheim (Sp) torsdag då han informerte kommunestyret i Lærdal om at det kan koma eit asylmottak for 58 einslege mindreårige på Borgund. 

Lærdal: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) sjekka rundt i Lærdal om det var nokon som kunne tenke seg på drive eit asylmottak. Det fanst mange med velvilje, men ikkje til å drive eit mottak over tid. 

– I tillegg finst det ingen ledige bygg i kommunen, og me var i ferd med å miste den einaste moglegheiten, som var eit brakkerigg som står på Borgund, fortel han. 

Fem stykk gjekk i lag

Brakkeriggen, som var eigd av Mesta var på veg til å blir seld stykkevis, så ordføraren tok initiativ sjølve og kjøpte den først og fremst for å behalde den i Lærdal. 

– Kommunen har jo anstrengt økonomi og ikkje moglegheiten til å driva mottak. Etter nokre telefonar fekk eg med meg Trond Øyen Einemo, Stein Vidar Nemeth, Knut Opdal og legen Jan Ryde på prosjektet, så i lag prøver me å få på plass eit asylmottak. Får me ikkje det til, sel me riggen då det er fleire som er interesserte i riggen andre stader i landet. Då har me også mista denne moglegheita til å bidra til den flyktningkrisa landet står oppe i. 

Fredag var alt Utlendingsdirektoratet (UDI) på plass for å gjera ein synfaring av riggen og fasilitetane som ligg rundt. Det er dei det står på om det blir eit flyktningmottak eller ikkje på Borgund. Avgjerda skal koma frå UDI i neste veke. 

Likevel legg ordføraren vekt på at dei fem lærdølene ikkje skal driva mottaket., men å leige ut mottaket til statleg takst. 

Teikningane på akkurat kvar brakkeriggen skal ligge er alt klare og vart levert til kommunen torsdag. 

Positivt for bygda – vil bidra til mellom anna arbeidsplassar

Anbodet som er levert er på 38 plassar, med opsjon på ti pluss ti plassar, med eit tidsperspektiv på tre år, med opsjon på tre år til. Det vil seie at mottaket kan bli drive i seks år og med maksimalt 58 mindreårige einslege asylsøkjarar.

– Så veit me etter dei møta me har vore på at alle slike opsjonar blir løyst ut, då flyktningstraumen aukar. Det som er gunstig er at det er langsiktigheit i prosjektet, seier Solheim. 

Mottaket vil også utløyse midlar til arbeidsplassar og rammetilskot til kommunen som dømes til skule. 

– Dette er positivt til bygda og for kommuneøkonomomien, då me kan hjelpa utan at me treng å bygga noko. Med mottaket kan det koma på det minste 17 årsverk. Skulen på Borgund har også stor kapasitet og god plass, legg han til. 

– Du er ikkje redd for at du no får ei dobbeltrolle?

– Den ser eg. Det kan vera at folk stiller spørsmål om ein ordførar skal gjera dette, men det synest eg at ein ordførar skal. Eg driv med næring utanom ordførarrolla, men eg passar på hattane mine. Det blir offentlege rekneskap, me ønskjer å kjøpa ei tomt på Borgund frå kommunen til takst som skal nyttast til mottaket, me har ikkje søkt kommunen om bidrag og me ventar heller ikkje særbehandling, seier han. 

Dårleg samvittigheit – vår tur å bidra

Solheim vurderte også å gi andre ideen om å bruke brakkeriggen til flyktningmottak, men ingen tok den. Det var difor han tok grep sjølv. 

– Eg hadde ikkje trengt å gjera dette, då eg egentleg har nok å driva med. Dette kjem heller ikkje til å bli ei gullgruve for oss. Men då eg fekk ja frå dei fire eg spurde, tenkte eg at me faktisk må gjera noko. Eg orka ikkje meir av den dårlege samvittigheita. Det er mange som treng hjelp, og eg tykkjer det er vår tur til å bidra. Bygda har vore gjennom kriser før, og eg veit kva enorme ressursar som finst her, seier Solheim. 

Også Einemo tykkjer det er hjartekjærande å sjå flyktningsituasjonen, og klarte ikkje seie nei då han fekk spørsmål om han ville vera med på prosjektet. 

– Me må jo hjelpa til. I tillegg tykkjer eg det er moro å skapa og å få til noko, seier Einemo, som tykkjer UDI skal ha all ære for den jobben dei no gjer døgnet rundt for å finne hus til flyktningane. 

Legg press på alle kommunar

Det auka talet på flyktningar legg press på alle landets kommunar. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) har også kome med enda ei oppmoding om at kommunane skal ta imot enda fleire flyktningar, informerte rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr. kommunestyret i Lærdal om torsdag. 

Alt neste år skal 18.000 flyktningar busettast i Noreg, der 4.400 av desse vil vera einslege mindreårige. Dette er første gong flesteparten av kommunane er spurt om å ta imot imot einslege mindreårige. Kommunane har no frist fram til nyttår med å svare på oppmodinga. 

Frå 2014 og ut 2017 har Lærdal kommune vedteke å ta imot til saman 60 flyktningar i Lærdal, der det i tillegg er eit ønske om å ta imot 28 ekstra kvoteflyktningar frå Syria. Til no har kommunen busett 16 personar som har fått innvilga asyl og flyktningstatus i Noreg. 

Til toppen