VANSKELEG: Lena Nyheim Igari har lang erfaring frå handelsverksemd og fortalde om svært vanskelege situasjonar under møtet om nasking og tjuveri i regi av Årdal Næringssamskipnad. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
VANSKELEG: Lena Nyheim Igari har lang erfaring frå handelsverksemd og fortalde om svært vanskelege situasjonar under møtet om nasking og tjuveri i regi av Årdal Næringssamskipnad. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun

Tok same tjuven i tre ulike butikkar

Lena Nyheim Igari har opplevd å ferska ein tjuv med ei legopakke i underbroki, ho har vorte truga og ho har stoppa naskarar fysisk. No går handelsstanden i Indre Sogn til felles front mot tjuveri og nasking.

Indre Sogn: - Me får inn svært få anmeldelsar på tjuveri og nasking, men her er mørketala store - det er eg heilt sikker på, sa lensmann i Aurland, Knut Arne Klingenberg til dei rundt 30 frammøtte frå handelsstanden på møtet om dette temaet tysdag kveld.

Og akkurat det stadfesta Nyheim Igari, dagleg leiar ved Rema 1000 på Årdalstangen.

- Då eg starta var ingen tekne for nasking. I løpet av tre-fire månader har me teke ni - ti stykk etter å ha sett fokus på dette.

Røykelaks i lommene, skinkepakke i sokken

Målet med møtet i regi av Årdal Næringssamskipnad, der også politiet var godt representert, var for det første å opplysa om regelverog prosedyre ved tjuveri og nasking. For det andre å finna ein sams måte å handtera slike hendingar på.

For, at det kan vera både belastande og svært vanskeleg å vita for dei tilsette korleis dei skal takla ein situasjon med tjuveri eller nasking hadde Nyheim Igari fleire dømer på.

- Ei gong tok eg ein person med ei pakke røykelaks i kvar lomme, den største pakka med skinke me hadde i butikken i sokken og ei legopakke i underbroki, sa Nyheim Igari.

Då ho konfronterte vedkomande, truga personen henne. Det same gjorde ein person ho ferska for tjuveri i ein annan butikk ho jobba i - vedkomande laug på seg HIV og truga med å smitta Nyheim Igari om ho melde tjuveriet.

I begge tilfella stoppa ho tjuveria fysisk. Utan at politibetjent ved Årdal lensmannskontor, Petter Hagen, meiner alle bør gjera det. 

- Den einskilde må kjenna på kva ein er bekvem med å gjera. Kva kampar skal de ta? Eg og du har noko ulik risikoprofil, sa Hagen vend mot Nyheim Igari, og forklara:

- Ein må spørja seg sjølv om ein skal risikera å bli slegen ned i kveld. Ingen takkar deg for det dagen etterpå.

- God preventiv effekt av overvakingskamera

Hagen streka under at pesronar utan politimynde, som tilsette i butikkar, har heimel for å fysisk stoppa eit tjuveri når det er snakk om ferske spor og sterk mistanke. Men både han og Knut Arne Klingenberg åtvara om kva som kunne bli konsekvensane.

- Dette med eigen tryggleik er alfa omega. Ein bør ikkje risikera å koma i ein situasjon ein ikkje kjem seg ut av. Men hovudsakleg bør ein overlata dette til politiet.

Anny - Irene Mykkeltvedt, innehavar av Flåm Ferdaminne, minna om at tida er ein kritisk faktor ved tjuveri og nasking.

- Turisten som tek noko frå ein butikk i Flåm er komen langt på ein halvtime, sa ho, og nemnde vidare ho tykkjer det kan vera tungrodd å få politiet på plass.

Difor har Flåm Ferdaminne investert stort i overvakingskamera.

- Den preventive effekten gjer at me tener innatt investeringa. Samstundes tek det tid og ressursar å nøsta opp i slike hendingar, slik at kostnadane ved den jobben gjerne blir større enn vinsten ved å få innatt tapet av ei vare som er stole, forklara ho.

Artikkelen held fram under biletet

FELLES UTFORDRINGAR: Representantar frå verksemder i både Årdal, Lærdal og Aurland var til stades på møtet på Klingenberg hotell - ofte er det snakk om gjengangarar som naskar i verksemder i alle kommunane. Innahavar av Flåm Ferdaminne, Anny - Irene Mykkeltvedt i midten.
FELLES UTFORDRINGAR: Representantar frå verksemder i både Årdal, Lærdal og Aurland var til stades på møtet på Klingenberg hotell - ofte er det snakk om gjengangarar som naskar i verksemder i alle kommunane. Innahavar av Flåm Ferdaminne, Anny - Irene Mykkeltvedt i midten.

- Viktig å finna felles metode

Tiltak for både å førebyggja og enklare kunne dokumentera tjuveri og nasking for at gjerningspersonen i neste omgang kan bli oppdaga, vart diskutert i møtet.

Overvakingsutstyr er ein ting; men at handelsverksemder har ein sams måte å takla slike hendingar på, kan kanskje vera det mest effektive, meinte Kjell Nesse, leiar i Årdal Næringssamskipnad.

- Det viktigaste for handelsstanden er at ein finna ein måte å gjera dette på; at ein har ein felles metode og backar kvarandre opp. Det er snakk om dei same prosedyrane; både korleis ein handsamar sjølve situasjonen, men også korleis ein tek vare på dei tilsette som grip inn.

Fleire var inne på at situasjonar med nasking og tjuveri er særskild krevjande i små samfunn der ein  gjerne kjenner gjerningspersonen - og fordi det ofte er snakk om gjengangarar.

- Ein person har eg teke for nasking både då eg jobba på MIx-kiosken, då eg jobba på Coop i Lærdal og no på Rema 1000, sa Nyheim Igari.

Blir gjengangarane ferska i ein butikk, står gjerne ein annan butikk for tur. Fleire i salen lurde difor på om det er lov å utveksla namn verksemder mellom.

- Reint juridisk er det veldig avgrensa kva ein har lov til her, svarde politibetjent Hagen, og spurde vidare.

- Kvifor er det lett å dela informasjon om namn mellom butikkane om ein ikkje kan melda hendingane til politiet - som skal følgja opp på ein profesjonell måte?

Ventar mange meldingar for nasking og tjuveri komande veka

Representantane frå politiet oppmoda såleis verksemdene om å melda hendingane så dei kan ta det vidare.

- Me har ulike reaksjonar å spela på, alt etter situasjon. Ofte er det snakk om at vedkomande må møta i Konfliktrådet, ved andre høve kan det vera snakk om bot, sa lensmann Klingenberg.

Artikkelen held fram under biletet

VERKTØY: Lensmann i Aurland, Knut Arne Klingenberg, fortalde at mange av tjuveri- og naskesakene hamnar i Konfliktrådet, andre gonger kan det vera snakk om at gjerningspersonen får bot. Leiar i Årdal Næringssamskipnad, Kjell Nesse, til høgre.
VERKTØY: Lensmann i Aurland, Knut Arne Klingenberg, fortalde at mange av tjuveri- og naskesakene hamnar i Konfliktrådet, andre gonger kan det vera snakk om at gjerningspersonen får bot. Leiar i Årdal Næringssamskipnad, Kjell Nesse, til høgre.

- Og dersom alle gjer dette, blir det ikkje slik at ei verksemd som melder tjuveri og nasking "mistar" kundar til andre verksemder; i så fall vil ein i alle fall mista desse kundane til kvarandre, sa Hagen, og la til at han venta mange meldingar for tjuveri og nasking den komande veka.

Stemninga i forsamlinga var også at dette blir løysinga; tjuveri og nasking skal meldast i vesentleg større grad. Og politiet skal distribuera forenkla meldingsskjema til verksemdene.

- Eit slikt møte har eg eigentleg venta på i femten år. Og eg er svært glad for at politiet møtte her i dag, sa Mykkeltvedt ved Flåm Ferdaminne avslutningsvis.

Til toppen