SCORA FIRE: Hege Bakken Wahlquist frå Årdal scora fire mål då Glassverket slo Storhamar og tok seg til semifinalen i NM. Foto: Peter Tubaas. 
SCORA FIRE: Hege Bakken Wahlquist frå Årdal scora fire mål då Glassverket slo Storhamar og tok seg til semifinalen i NM. Foto: Peter Tubaas. 

Tok seg vidare til semifinale – møter Molde

Hege Bakken Wahlquist og Glassverket er klare for semifinale i Handball-NM.

Årdal: Årdølen bidrog med fire scoringar då Glassverket slo Storhamar 27-22 onsdag kveld i kvartfinalen i NM. 

I det som var ein «rotete» kamp ifølgje Glassverket sine nettsider, var det til slutt Wahlquist og laget frå Drammen som gjekk sigrande ut. 

– Me var førebudde på at dei ville ta ut keeper, men det er noko heilt anna å trene på det enn når ein står midt oppi det i ein kamp. Det er ikkje me møter eit sånt forsvar heller, så kampen blei akkurat så rotete som me trudde på førehand, men eg utruleg nøgd med at me er i semifinalen, seier trenar Kenneth Gabrielsen til Glassverketelite.no

Torsdag blei semifinalane trekt, og der trakk Glassverket møre-laget Molde. Den kampen vert spelt onsdag 11. november. Finalane i NM går av stabelen 30. desember.

Les også: Årdøler kjempa mot kvarandre i NM

Før møtet med Storhamar i kvartfinalen slo Wahlquist sitt lag Rebecca Brun Steinheim og Viking i åttedelsfinalen. 

Til toppen