Kaupangerdamene spelte ein solid kamp då dei møtte Avaldsnes 2 på søndag. Seieren førte til at damene klatra seg til tabelltoppen. Trenar, Øystein Lindesteg Rinde, seier damene tok initiativet i kampen.
Allereie etter 16 minutt sett Silje Torvanger ballen i målet for Sogningane. Damene heldt god kontroll med ballen, heile vegen ut til pause.
Til pause sto stillinga 0-1 til Kaupangerdamene.
Etter pause kjem ein tidleg scoring av Miriam Vilnes. Kaupanger ligg no med to mål framfor heimelaget.
– Det er etter 2-0 skoringa at Avaldsnes ikkje har så mykje å stille opp med, fortel trenaren.
Solid kamp
– Me leverar ein solid kamp mot eit godt lag, som har ein del A-lag spelarar med seg. At me har kontroll på kampen i 90 minutt er veldig flott!
No ligg Kaupanger øvst på tabellen med 41 poeng, ettersom Hinna spelte 4-4 mot Bjørnar 2. Kaupanger ligg no med eit poeng framfor den tidlegare serieleiaren.